Dette er dei nye studentane ved Det Multinorske

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 23.04.2021 18:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har sett etter dei beste skodespelarane, menneske vi ønskjer å møte som framtidige kollegaer, seier jurymedlem og skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge i ei pressemelding frå Det Norske Teatret.

Dei seks som fekk plass i år er Bhkie Male, Mona Huang Høivik, Elias Moussaoui Anseth, Marianne Hetland, José Gabriel Ramirez og Darin Hagi. Det var 65 søkjarar totalt.

– Eg er mållaus, seier José Gabriel Ramirez som jublar i lag med dei nye studiekameratane.

– Vi vil vere med på å endre synet på fleirkulturelle, seier Mona Huang Høivik.

– Vi kan spele Shakespeare! Bakgrunn og utsjånad skal ikkje ha noko å seie, repliserer Marianne Hetland. Ho meiner også at Det Norske Teatret er modige som gir eit svar på at teater-Noreg framleis er for kvitt.

F.v. Elias Moussaoui Anseth, Bhkie Male, Marianne Hetland, Mona Huang Høivik og José Gabriel Ramirez er nye studentar ved Det multinorske til hausten Foto: Det norske teatret

Tredje kull som tek denne utdanninga

Sara Khorami var student ved det første kullet som byrja ved utdanninga i 2012. Sidan 2015 har ho vore tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret. I dag spelar ho Antigone i framsyninga med same namn på Hovudscenen.

– Utdanninga har endra livet mitt. Det var enormt formande å få vere del av eit teater medan ein fekk utdanninga si. Vi såg teater heile tida, hadde lærarar som var skodespelarar. Det var ei fantastisk tid! seier Khorami.

Dei seks som tek til på utdanninga til hausten vil bli det tredje kullet som tar skodespelarutdanninga ved Det Multinorske.

– I dag har vi 24 skodespelarar i ensemblet med fleirkulturell bakgrunn. Slik var det ikkje for 6 år sidan da vi starta utdanninga Det Multinorske, seier teatersjef Erik Ulfsby.

– Det Multinorske har vore med på å endre både publikummet, repertoaret og ensemblet vårt, slik at vi i dag liknar meir på verda utanfor. No kan vi enno betre forsvare namnet på teateret: Det Norske Teatret, seier han.

Vil spegle Noreg av i dag

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. I samarbeid med Nord Universitet oppretta dei i 2012 ei treårig utdanning for skodespelarar med bakgrunn utanfor Europa. Det andre kullet blir uteksaminert i vår.

Utdanninga er ei fullverdig utdanning på lik line med dei andre statlege teaterhøgskolane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad i skodespelarfaget. Studentane vil ha status som studentar ved Nord Universitet. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode ved Det Norske Teatret.