Fleire døyr av overdose
289 personar døydde av overdose i fjor, det høgste talet sidan 2004, viser ferske tal frå Folkehelseinstituttet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Talet på overdosedødsfall i fjor er 24 fleire enn i 2014. I 2004 døydde 301 personar av overdose, skriv Klassekampen.
Frå 2014 til 2015 auka dødstala i alle delar av landet, med unntak av Vestlandet. Dei siste åra har snittet lege på 263 dødsfall i året. Målet til regjeringa er ein nedgang kvart år, men målet er altså ikkje nådd.
– Dette er først og fremst veldig trist. Vi har ein overdosestrategi med eit ambisiøst mål om årleg nedgang. Så langt har vi ikkje lykkast med å bryte trenden med stabilt for mange narkotikarelaterte dødsfall, seier statssekretær Fredrik Wang Gierløff i Helse- og omsorgsdepartementet. (©NPK)