Bergensruss kollapsa – fryktar ukjent dop

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er livredde. Vi kan døy av dette. Vi har ikkje lyst til å ha ei gravferd i russetida, seier Kristin Solberg til TV 2 etter eit møte på politihuset i Bergen på onsdag.

Ber russen melde frå

Rus-akutten i Bergen har ikkje kunne slå fast om jentene var dopa mot sin vilje, men russen sjølv er overtydde om at det er det som har hendt. Og politiet tar russen på alvor:

– Når vi høyrer russen fortelje at det handlar om russ som ikkje har drukke særleg med alkohol, og har fått ein kraftig reaksjon som tyder på at dei har fått i seg noko, må vi finne ut av kva som har hendt, seier politioverbetent Synnøve Malkenes til TV 2.

Politiet ber derfor alle som opplever å ha blitt utsett for noko om å melde frå.

Trur dei er prøvekaninar

Russen sjølv meiner ifølge TV 2 at organiserte kriminelle som oppsøker russen for å teste ut eit nytt dop. Dei ønsker derfor at politiet skal vere meir til stades på arrangementa.

–  Mange russ er redde, seier russepresident Sebastian Hauan Stenberg. Han har også fått fleire telefonar frå foreldre som er redde for barna sine.