Noreg er blant landa i Europa med flest overdosedødsfall. Det kjem fram i EU-rapporten om narkotika frå 2014.

NPK-NTB
NPK-NTB

Rundt 260 personar døyr av overdose kvart år her i landet. Berre Estland har fleire overdosedødsfall per innbyggjar enn Noreg, skriv Aftenposten.

Fire av fem dødsfall kjem av inntak av opioidar med sprøyte.

LES OGSÅ:Støre vil gjera heroinrøyking lovleg

Færre injiserer i Nederland
– Vi har utan tvil altfor høge tal på overdosedødsfall, seier forskingsleiar ved Sirus, Anne Line Bretteville-Jensen.

Ho meiner likevel at samanlikninga med andre land bør takast med ei klype salt, fordi dei forskjellige landa har ulik måte å rapportere på. Blant anna melder Hellas ingen overdosedødsfall.

Bretteville-Jensen meiner likevel at det er grunn til å tru at Noreg framleis er det landet i Norden som har flest overdosedødsfall per innbyggjar.

Forskingsleiaren peiker på fleire grunnar til at Noreg er på overdosetoppen.

– Framleis er det mange rusmisbrukarar i Noreg som injiserer heroin. I andre land har fleire gått over til å røykje heroin framfor å injisere, eksempelvis er det no berre 8 prosent av heroinbrukarane i Nederland som injiserer stoffet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE