Frikyrkje ber 2.300 tidlegare elevar om unnskyldning

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brevet er ei unnskyldning for «vanskar knytt til undervisninga eller forholda elles på skulen», skriv Dagbladet.

Kyrkjelyden har 3.500 medlemmer, hovudsakleg på Austlandet, og driver fem skular.

Strenge reglar

DELK var ei djupt pietistisk kyrkje som var svært skrifttru og konservativ. Dans, kortspel, TV og radio var forbode, det same var naglelakk og sminke for jentene, som var pålagt å gå i skjørt og ha langt hår i flette. Mykje av skuletida gjekk med til pugging av religiøse skrifter som Luthers vesle katekisme og Pontoppidans forklaring til katekisma.

«Ingen er tent med at desse mørke sidene ved DELKs nære historie er dekt til, blir skriven om eller ikkje blir snakka om», skriv kyrkja i brevet.

Kvar skuledag blei innleidd med 75 minutt med kristendom. Elevane fekk høyre om, men ikkje lese verka av Ibsen, Bjørnson og andre «ugudelege» namn.

Mobba av lærarane

«Kristendom blei for nokre forbunde med å mislykkast, med attsitjing og straff. Mobbing, både frå lærarar og medelevar, har skapt varige sår hos enkelte», heiter det mellom anna i brevet.

På 90-talet blei kyrkja gjort merksam på at mange tidlegare elevar sleit med opplevingane dei hadde hatt på skulen. Derfor trykte dei i 1995 eit ope brev der dei bad om unnskyldning i kyrkjelydsbladet Underveis.

– Men det nådde aldri ut til mange av dei som trenger det mest – dei som har ei negativ innstilling til oss, seier tilsynsmann Rolf Ekenes i DELK til Dagbladet.