Religiøs ungdom mest positive til religionsfridom

Ein ny rapport syner at ungdom som sjølv er religiøse er meir positive til religionsfridom enn dei som ikkje er religiøse.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skriv fritanke.no.

Måndag la KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking, fram rapporten «Tro, tillit og toleranse». Rapporten tar for seg haldninga unge menneske har til menneskerettar i fleirkulturell kontekst.

Rapporten viser mellom anna at den religiøse praksisen er låg, både blant unge med tilknyting til folkekyrkja og unge knytt til minoritetsreligionar. Nesten halvparten av dei spurde definerer seg som ikkje-religiøse

Funna viser òg at religiøs tilhøyrsle har innverknad på forholdet til menneskerettar. Dei som sjølv er religiøse, er meir positive til religionsfridom enn dei som ikkje er religiøse.

23 prosent av dei unge meiner at staten ikkje bør blande seg inn når religion kjem til uttrykk i det offentlege rom, medan 43 prosent synest det er greitt at staten bestemmer over synlege former for religion.

Undersøkinga er gjennomført av forskarar frå KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking. Rundt tusen elevar ved 20 vidaregåande skular i Oslo-området i aldersgruppa 16 til 19 år deltok.