Språket si maktesløyse

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Del B – Langsvarsoppgåve

Oppgåve 2

Språket si maktesløyse

Her kjem ein påstand. Språk er viktig for identitet. Språk er viktig for min identitet. Som nynorskbrukar er eg truleg over gjennomsnittet oppteken av språk og den rolla språket har i samfunnet. Truleg er eg meir oppteken av kor viktig rollen til språket i samfunnet er, enn den jamne nynorskbrukaren òg. Eg trur det kan ha rot i at eg personleg meiner at språket er noko som er særs viktig for min identitet.

Talaren som offisielt avslutta Språkåret 2013 var Thea Idsøe, med talen «Takk, kjære Ivar». Norskbrukar ho òg, slik som eg. Thea Idsøe omtalar seg sjølv som fri. Ho skriv i talen sin at ho er eit fritt menneske nettopp fordi ho får uttrykkje seg på sitt eige språk. På grunn av Ivar Aasen sin innsats for å samle dialektene står ho heilt fritt til å formulere seg, ikkje berre munnleg, men òg skriftleg, på sitt eige språk. Vidare både skriv og snakkar ho om at kampen for språkleg mangfald også er kampen for demokratiet. At kampen for språkleg fridom er ein kamp som er verd å kjempe kvar dag. Den eigenarten som ligg i språket styrkar hennar identitet, det gjev ho kraft til å uttrykke seg, til å vere fri, til å kunne gjere ein innsats for at andre skal ha den same fridomen som ho sjølv set så stor pris på.

Dersom nokon hadde nemnt namnet Vibeke Larsen i forbifarten, hadde eg truleg ikkje stussa noko meir ved det. Både Vibeke og Larsen er relativt vanlege, norske namn, og eg ville truleg ikkje kopla at Vibeke Larsen er sametingspresident. Ho er den første som nokon gong held ein nyttårstale[1] som ikkje er på samisk. Trass i at ho har eit heilnorsk namn, og ikkje snakkar samisk, er der ingen tvil om at Vibeke Larsen er samisk. Ho er endåtil ein av dei tydelegaste representantane for samisk kultur og levemåte i dagens samfunn. «Jeg snakker norsk, og ikke samisk. I likhet med 2/3 av samene er jeg språkløs. Fornorskingen tok vårt språk, og jeg har ikke greid å ta det tilbake igjen» sa ho i nyttårstalen sin. For meg er det ein rar ting å skulle ta innover meg korleis ein kan ha ein så sterk identitet når ein har mista eit aspekt som for meg er såpass viktig, som språket er.

Dersom du ikkje allereie har oppfatta det, så er mitt språk \ viktig for korleis eg oppfattar min identitet. Innan eg hadde fylt sju år hadde eg flytta fleire gonger enn mange gjer i løpet av eit heilt liv. Eg har alltid vore ein person som verdset einsemd, og det å kunne vere åleine. Heilt frå eg som fireåring oppdaga korleis ein kan leve seg inn i litteraturen, har eg i mine ledige augneblinkar stort sett vore å finne med nasa ned i ei bok. Eg skal ikkje seie at barndommen min var turbulent, for det var den ikkje, men når du opptil fleire gonger flytter på kryss og tvers av landet kan det å ha noko som følgjer deg, uansett kvar du enn måtte opphalde deg, vere ein tryggleik. For meg blei bøkene og språket denne tryggleiken.

Det er rart kor mykje eit språk kan bety. I likskap med Thea Idsøe er eg takksam for den fridomen og det mangfaldet eit fleirspråkleg samfunn ber med seg. Kanskje er nynorskbrukarane i større grad klar over kva det faktisk inneber å ha eit fleirspråkleg samfunn, at vi identifiserer oss med språket på ein heilt annan måte enn det resten av storsamfunnet gjer. Trass i at det språket som Ivar Aasen samla saman er eit heilt anna språk enn det språket eg nytter i dag, har det ein stor symbolsk verdi for mange, meg sjølv inkludert. Arbeidet han la ned representerer noko viktig. Det var han som la grunnlaget for eit skriftsspråk som samsvarer med daglegtalen til folk flest, noko som under både bygginga av ein nasjon og ein felles kulturarv hadde, og framleis har, stor betydning.

Trass i at nordmennene var opptekne av å dyrke fram, og vidareføre ein kulturarv, hadde ikkje samane dei same vilkåra. Om ein meiner fornorskingspolitikken som i praksis blei ført utover 70-talet, kanskje til og med lenger, var vellukka eller ikkje, kjem heilt an på auget som ser. Følgjene av den er i alle fall tydelege. Som Vibeke Larsen sa, 2/3 av alle samar kan ikkje å snakke sitt eige språk. I ei tid teknologien blir meir og meir avansert, og trugar dei tradisjonelle levemåtane, samstundes som klimaet endrar seg stort, har eit stort fleirtal av alle samar mista eitt av få viktige aspekt ved sin samiske identitet. To av tre samar har mista si evne til å kunne uttrykke seg på sitt eige språk. Mista evna til å kunne formulere seg, å vidareformidle si kulturelle arv. Trass i at det samiske folket som heilskap har mista så mykje av det eg ser på som grunnsteinane i min identitet, står framleis den samiske identiteten sterkt. Om mogleg står den enda sterkare enn det min eigen gjer.

I fare for å bli oppfatta som ein smule pretensiøs, freistar eg meg til å seie at har kjent på noko av det same som samane. Sjølvsagt ikkje i like stor grad, og på ein heilt annan måte. Der er ingen nynorsk levemåte, eller nynorsk kultur som blir truga, men der er ein likskap på det viset at nynorsk og samisk begge er minoritetsspråk. Talet på nynorskbrukarar i samfunnet går nedover, samstundes som dei sitjande regjeringspartia går inn for å gjere sidemålsundervisning til eit valfag ved neste stortingsval. I praksis vil dette medføre at nynorsken blir pressa ut av samfunnet på sikt, slik ein i dag kan sjå at samisk har blitt.

Når eg i ulike samanhengar nyttar mitt hjartespråk, som Thea Idsøe så fint kalla det, blir eg svært ofte møtt med eit lass av fordommar. Det er ingen røyndom. Eit utal undersøkingar har konkludert med at ein bokmålsbrukar har eit automatisk fortrinn ovanfor ein nynorskbrukar. Dette er urettferdig, men der er slik det er. Konsekvensen av dette blir at eg i større grad enn eg liker å innrømme vel å nytte bokmål til kommunikasjon. Særleg dersom eg kommuniserer eg med nokon eg ikkje kjenner til frå før av, då vel eg oftare enn ikkje å skrive bokmål. Formelle brev skriv eg òg på bokmål. Når eg skriv på nynorsk vel eg oftare og oftare å nytte eit språk utan typiske nynorskord for å ikkje avsløre kven, eller kva eg eigentleg er. Det personlege pronomenet eg unngår eg å skrive så godt det går. Det blir nytta stadig mindre og mindre, truleg for ikkje å avsløre min identitet som nynorskbrukar for tidleg.

Truleg er eg meir oppteken av kor viktig rollen til språket i samfunnet er, enn den jamne nynorskbrukaren er. Eg trur det kan ha rot i at eg personleg meiner at språket er noko som er viktig for min identitet. Derfor er det til tider utfordrande å vere vitne til at eg tillèt meg sjølv å miste språket mitt, at eg ikkje kjempar meir imot dei straumdraga storsamfunnet tvingar fram. Dersom eg gjev slepp på min reiskap til å formulere meg, mitt einaste våpen i kampen for fridom, ikkje berre meg, men og for andre, kva skal eg identifisere meg som då?

Kjelder:

Eide, Garthus, Græsli, Schulze, Ystad: «Intertekst VG3», Bergen: Fagbokforlaget 2015

  • Kapittel 11: Språkhistoria frå 1900 til i dag
  • Kapittel 14: Samisk språk og kultur

Idsøe, Thea: «Takk, kjære Ivar», Nynorsk avissenter http://nynorskavissenter.no/nynorsk/takk-kjaere-ivar/ (nedlastingsdato 28.09.2015)

Måsø, Nils H. og Anders Boine Verstad: «For første gang i historien blir nyttårstalen ikke holdt på samisk», https://www.nrk.no/sapmi/for-forste-gang-i-historien-blir-nyttarstalen-ikke-holdt-pa-samisk-1.13290446 (nedlastingsdato 17.01.2017)

[1] Av sametingspresidentane

Skreiv Noregs beste norskeksamen

I 2017 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom tre langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål (ekstern lenkje).

Linn skreiv oppgåve 2, ein resonnerande tekst der ho på grunnlag av to saktekstar drøftar kva språket har å seie for identiteten. Tekstane var «Takk, kjære Ivar» av Thea Idsøe, og «For første gang i historien blir nyttårstalen ikke holdt på samisk».

Sjå svaret til Linn Antonie Vårdal Solheim på kortsvaroppgåva her!

Les intervjuet med vinnarane her!