Modernistiske trekk i «Autobahn»

Linn Antonie Vårdal Solheim var éi av tre som fekk Oos' legat for beste eksamen i norsk hovudmål våren 2017. Her er kortsvaroppgåva hennar!

Framtida
Publisert
Oppdatert 30.04.2018 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Del A – Kortsvarsoppgåve

Modernistiske trekk i «Autobahn» av Rolf Jacobsen (1975)

Etter 1960-åra blei det i Noreg skrive lite modernistisk lyrikk, men typisk for det som blei skrive var at det i stor grad følgde den skrivemåten som hadde vore nytta i tiåret før. Ein sterk politisk bodskap, lite skjult symbolikk, lettfatteleg språk og ein relativt bokstaveleg ordbruk. Ein kan derimot hevde at sjølv om lyrikken heldt på form og innhald frå 60-talet, gjekk lyrikken utover 70-talet litt tilbake til å bli ein smule meir symboltung, litt nærare 50-talsmodernismen. Ettersom Rolf Jacobsen var ein av få modernistiske forfattarar som heldt fram med å skrive  modernistisk, er lyrikken frå tidsperioden mykje prega av dei einskilde forfattarane sin personlege skrivemåte.

Dette ser vi i «Autobahn» også. Diktet har ein politisk bodskap, der Jacobsen pratar om miljøvern og dei overgrepa som blir påførte naturen. Der er fleire symbol i diktet, men dei er ikkje vanskelege å få auge på. Dei fleste av dei er relativt bokstavelege, som t.d. «magre skogfronter» som bokstaveleg talt betyr skogfrontar som har blitt mindre og mindre fylte av tre, altså, har blitt magrare. Eit anna modernistisk trekk vi finn er at ikkje-levande objekt blir gjevne menneskelege og dyriske eigenskapar, som t.d. «En hvit sky strekker hånden ut og vinker». Bruken av anafor er typisk for diktinga til Rolf Jacobsen, og er viktig for å halde ein viss flyt i diktet, trass den karakteristiske mangelen av rim og fast struktur på strofene. «Autobahn» er eit dikt med klare etterkrigsmodernistiske trekk, både når det kjem til oppsett og innhald, som m.a. politisk bodskap, bokstaveleg språk og besjeling.

Kjelder:

Eide, Garthus, Græsli, Schulze, Ystad: «Intertekst VG3», Bergen: Fagbokforlaget 2015
– Kapittel 7: Etisk realisme og modernisme: s. 157
– Kapittel 8: Modernisme og tradisjonalisme 1940-1980: s. 170

Jacobsen, Rolf: «Autobahn», Pusteøvelse, Oslo: Gyldendal 1975

Skreiv Noregs beste norskeksamen

I 2017 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål (ekstern lenkje), der dei skulle gjer greie for modernistiske trekk i diktet Autobahn av Rolf Jacobsen, og skrive om både form og innhald, og bruke relevant fagspråk og
eksempel frå teksten.

Les langsvaroppgåva til Linn Antonie Vårdal Solheim her!

Les intervjuet med vinnarane av Oos’ legat her!