Samanlikning av Tung tids tale og Vuggevise – samhald i ulike tider

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Del B – Langsvarsoppgåve
Oppgåve 1

Samanlikning av Tung tids tale og Vuggevise – samhald i ulike tider

”Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!” skriv Halldis Moren Vesaas i diktet Tung tids tale som vart utgitt i 1945. Setninga representerer bodskapen i diktet, nemleg at den som har det godt må hjelpe andre, særleg i tunge tider. Eit dikt med same bodskap, er diktet Vuggevise av Henrik Nordbrandt. Dette diktet vart skrive som ein kommentar til flyktningkrisa i dag, og vart utgitt i den danske avisa Politiken i 2015. Sjølv om dikta er skrivne til ulike tider og av menneske i ulike livssituasjonar, er tematikken lik.

Det gjennomgåande temaet i begge dikta er nemleg å hjelpe kvarandre når ein er i nød, og å vise solidaritet. Sjølv om tematikken er lik, blir han formidla på ulike måtar i dei to tekstane. Motivet bidreg til å formidle tematikken, og er den første skilnaden eg vil peike på i dei to dikta. Tung tids tale vart skriven under andre verdskrig, og motivet er samhald. Dette er eit vanleg motiv i tekstar frå denne tida, då nordmenn var avhengige av å stå saman for å forsvare landet sitt mot dei ytre kreftene som truga. Vuggevise vart derimot publisert i 2015, og diktet viser at verdiane har endra seg mykje sidan 1945. Motivet eit krigsbarn, altså ein flyktning som treng hjelp. I staden for å vise samhald og solidaritet med dette barnet, ber forteljarstemma i diktet barnet om å forsvinne. Til tross for same tema ser ein altså to kontrasterande mentalitetar i dei to dikta.

Både i Tung tids tale og i Vuggevise er ordet ”vi” nytta for å skape ei kjensle av fellesskap, men ordet fungerer ulikt. I Tung tids tale bidreg ordet ”vi” til å skape ein fellesskap som alle deltek i, medan i Vuggevise skapar ”vi” eit skilje mellom flyktningane og dei privilegerte i Norden. Halldis Moren Vesaas skriv ”Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi.” Med dette viser ho ein mentalitet som er innstilt på at alle skal stå saman, og eit verdisyn der samhald er det viktigaste. I Vuggevise derimot, kjem skiljet mellom dei privilegerte og flyktningane tydeleg fram i den siste strofa, som lyder: ”Lille krigsbarn, hvor vil du hen? Vælg selv. Bare vi aldrig skal se dig igjen.” Dette skapar eit klart skilje mellom flyktningen som treng hjelp, og vi – dei nordiske – som har det vi treng. Diktet viser klart korleis tanken om samhald har endra seg, vi bryr oss nemleg ikkje lenger om samhald dersom det ikkje gagnar oss. Ordbruken tydeliggjer ei klar ovanfrå-og-ned-haldning, som er meir reell i dag enn vi vil innrømme.

Tematikken og bodskapen kjem klart fram i begge dikta, mykje grunna enkelt språk og lite bruk av verkemiddel. Begge dikta er inndelt i strofer. Strofene gjer dikta lette å lese og skapar ein rytme. Då dikta handlar om dystre tema som krig og flyktningkrise, kjem strofene godt med. Dei bidreg vidare til å fange lesar si merksemd, og dette er viktig då bodskapen er aktuell og derfor burde nå ut til flest mogleg. Vidare spelar begge dikta på patosappell, særleg Vuggevise. Berre overskrifta er nok til å fange merksemd, og eit krigsbarn som motiv skapar ei kjensle av omsorg hos lesar meir enn dersom motivet hadde vore ein vaksen flyktning. Spørsmålet ”Lille krigsbarn, hvor vil du dø” er særleg viktig for å styrke patosappellen, men også for å gjere lesaren bevisst på kva som ofte skjer med flyktningar. Dette er nødvendig i dagens mediesamfunn, der flyktningane si skjebne blir gløymd så fort eit nytt problem kjem på bana.

Vidare er forteljarstemma som gir kommandoar tydeleg i begge tekstane. Tung tids tale minner om kamplyrikk grunna forteljarstemma, som motiverer til samhald. Slik blir forteljarstemma positiv, i motsetnad til i Vuggevise. Her er ho stor og skummel, og kan vise korleis flyktningane som ikkje får vår hjelp, ser på oss i Norden. Vi kan også identifisere oss med ho. Forteljarstemma spør spørsmål som ”Hvor i verden tror du du finder en ven?” og viser oss, folket i Norden, som kyniske og kalde. Slik kjem tematikken og hovudsynet i diktet, som er at vi ikkje hjelper flyktningane nok, tydeleg fram. Forteljarstemma og spørsmåla bidreg nemleg til å gjere lesar meir sjølvbevisst, og opnar slik for debatt, som er viktig i dagens samfunn.

Det er faktum at debatten om flyktningkrisa har hatt stor plass i aviser, i nyheiter og i tankane til bebuarane i Norden dei siste åra. Spørsmåla har ikkje vore om vi skal hjelpe, men snarare kor mykje vi skal hjelpe og korleis. Det har vore populært å sende hjelp til flyktningane i heimlandet, men spørsmålet er kor stor hjelp dette faktisk har vore. Vuggevise tematiserer mykje av usemja som har vore rundt hjelp til flyktningar. Det blir stilt spørsmål om krigsbarnet ynskjer ein redningsvest eller om krigsbarnet vil dø på open sjø. Dette skapar hos mange assosiasjonar til bilete av fortvila flyktningar i overfylte båtar. Assosiasjonane set i gang tankestraumar om flyktningane og spørsmål rundt eigen identitet. Bryr eg meg om flyktningane, eller er alt bra så lenge eg har det godt?

Dikta tematiserer også korleis menneska er generelt, uansett kvar dei er i verda, uansett om det er snakk om samhald eller ikkje. Den store forteljarstemma i Vuggevise som ikkje vil vise samhald fordi det ikkje har nytteverdi for den sjølv, symboliserer korleis tankesettet dessverre er hos mange. Forteljarstemma i Tung tids tale viser derimot korleis ein skulle ønskje at tankesettet alltid var. Dikta symboliserer slik korleis tankesettet til menneska har endra seg frå det første diktet vart skrive til det siste vart publisert. Samfunnet blir stadig meir materialistisk, og menneska blir stadig meir opptekne av eiga vinning.

Til tross for at dikta er skrivne i to ulike tidsepokar, har dei same tematikk og utfyller kvarandre godt. Derfor er begge dikta aktuelle i dag. Tanken om samhald er sentral i begge dikta, og dei viser korleis synet vårt på samhald har endra seg. Før var samhald nødvendig, men no er bebuarane i Norden i ein posisjon der vi kan velje om vi vil vise samhald eller ikkje. Dessverre vel mange å setje samhaldstanken til side dersom det ikkje gagnar oss, og dette har gått hardt ut over flyktningane. Fleire har glømt Vesaas sitt bod om at ”Det hjelper da litt, nokre få forfrosne, at du er varm!”. Kanskje er det Tung tids tale som burde ha vore publisert i ei avis i 2015, for å vise korleis dei som i dag er privilegerte sjølv har vore avhengige av samhald tidlegare?

Kjeldeliste:

– Eide, O (red.) (2015) Intertekst vg 3, Norsk Studieforberedende utdanningsprogram, Bergen, Fagbokforlaget

– Nordbrandt, Henrik: ”Vuggevise”, Politiken, 9. september 2015

– Vesaas, Halldis Moren: ”Tung tids tale”, Tung tids tale, Oslo: Aschehoug 1945.

LES FLEIRE GODE EKSAMENSSVAR HER!

Skreiv Noregs beste norskeksamen

I 2017 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom tre langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål (ekstern lenkje).

Sofie Heltne tolkar og samanliknar diktet «Tung tids tale» av Halldis Moren Vesaas med «Vuggevise» av Henrik Nordbrandt i denne eksamensoppgåva i norsk skriftleg frå i fjor vår.

Det er 70 år mellom dikta, som refererer til kvar si flyktningkrise.

Sofie Heltne viser at ho har godt grep om analyse av form og innhald i dikta. Ho legg særleg vekt på korleis «Tung tids tale» er prega av nærleik, varme og solidaritet, medan «Vuggevise» har ei kjølig tone og ansvarsfråskriving frå Vesten mot flyktningane frå Syria, skriv juryen i Oos’ stipend om vinnarbidraget.

– Eg likte oppgåva godt fordi det er to ulike dikt med same bodskap men med veldig forskjellig måte å formidle same bodskap. Flyktningkrisa er eit veldig dagsaktuelt tema. Difor fekk eg kombinere det teoretiske i norsken med eit tema som er dagsaktuelt.

Sjå svaret til Sofie Heltne på kortsvaroppgåva her!

Les intervjuet med vinnarane her!