Modernistiske trekk i diktet Autobahn
Sofie Heltne var éi av tre som fekk Oos' legat for beste eksamen i norsk hovudmål våren 2017. Her er kortsvaroppgåva hennar!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Del A – Kortsvarsoppgåve
Modernistiske trekk i diktet Autobahn
”All fart er flukt. Hva flykter du fra.”
Autobahn av Rolf Jacobsen (1907-1994) vart utgitt som ein del av diktsamlinga Pusteøvelse i 1975. Sjølv om diktet vart utgitt i ei tidsperiode prega av dikting med tradisjonell form, finn ein modernistiske trekk i diktet. Motivet er motorvegen, og tematikken som omhandlar identitet og skiljet mellom før og no, er typisk for modernismen.
Diktet er prega av tung symbolbruk, mellom anna nyttar forfattaren katedralar og kyrkjetårn som symbol for det gamle. Vidare er diktet delt inn i strofer på tre verselinjer, utan enderim. Den siste verselinja blir gjenteke i kvar strofe, og dette dannar ein rytme. Slik har forfattaren blanda tradisjonell og modernistisk form.
Upoetiske kvardagsmotiv er typisk for modernismen. Dette ser ein også i Autobahn. Forfattaren stiller det moderne og det gamle opp mot kvarandre, og viser at det gamle ”forsvinn bakover og blir borte” i møte med det nye. Dei tre første strofene handlar om natur og gjenstandar som forsvinn i møtet med motorvegen, medan dei to siste handlar om at mennesket forsvinn og flyktar. Slik kjem typiske tema i modernismen fram – nemleg identitet og framandkjensle.
Til tross for at Autobahn vart utgjeve i 1975, ei tid prega av tradisjonell form, finn ein modernistiske trekk i diktet. Særleg tematikken er modernistisk, men den tunge symbolbruken viser også klare parallellar til modernismen. Tematikken som omhandlar mennesket si framandkjensle i møte med det nye, kjem særleg fram gjennom verselinja ”All fart er flukt. Hva flykter du fra.”
Kjeldeliste:
– Eide, O (red.) (2015) Intertekst vg 3, Norsk Studieforberedende utdanningsprogram, Bergen, Fagbokforlaget
– Jacobsen, Rolf: ”Autobahn”, Pusteøvelse, Oslo: Gyldendal 1975
– Wærp, Henning Howlid (2016). Rolf Jacobsen. https://snl.no/Rolf_Jacobsen (nedlastingsdato 24.05.17)
Skreiv Noregs beste norskeksamen
I 2017 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål (ekstern lenkje), der dei skulle gjer greie for modernistiske trekk i diktet Autobahn av Rolf Jacobsen, og skrive om både form og innhald, og bruke relevant fagspråk og
eksempel frå teksten.