Mange har skrive bøker om den russiske revolusjonen i høve hundreårsmarkeringa. Men Kristian Krogh-Sørensen har teikna han. 

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den russiske revolusjonen, utgjeve av forlaget Manifest, såg dagens lys denne hausten. Boka er ei av fleire som i år tar for seg den historiske hendinga i høve 100-årsmarkeringa sidan revolusjonen. Ifølge forfattaren sjølv er boka meint som ei innføring for folk som ikkje kjenner revolusjonen så godt frå før.

– Dei fleste veit jo at det var ein eller to revolusjonar i Russland i 1917, men det er nok mange som har behov for å få kjennskap til både hendingane som førte til revolusjon og til personane som er knytt til revolusjonshistoria, seier Krohg-Sørensen.

Forfattaren er sjølv russiskvitar i tillegg til journalist. Frå før har han gitt ut teikneseriebøkene Gulosten: Liv i helvete (2015) og Sporveien i Oslo (2016). Førstnemnde blei kåra til ei av årets beste bøker av Dagbladet og Klassekampen.

– Då eg byrja å lage teikneserier, tenkte eg at det var dumt å ikkje skulle bruke utdanninga mi. Så då Manifest forlag tok kontakt for å høyre om eg ville lage denne boka, såg eg det som eit høve til å kombinere Russlandsstudiane med entusiasmen min for teikneseriar.

Kristian Krohg-Sørensen har studert russlandsstudium og gav i haust ut bok om den russiske revolusjon. Foto: Sara Olivia Berntsen

Motpol til Vesten

Han fann fram gamal pensumlitteratur og reiste til Russland for å gå på utstillingar og få med seg nyare litteratur.

– Eg trur ikkje eg kunne ha laga denne boka utan bakgrunnen eg har – i alle fall ikkje på så kort tid, seier han.

– Kva var det den russiske revolusjonen forandra? Og har revolusjonen hatt noko å seie for oss i Europa?

– Denne staten vart ein ideologisk motpol til det vestlege systemet, og dette fekk enorme konsekvensar for tilhøvet mellom aust og vest i hundreåret som følgde. Situasjonen i dag er óg knytt saman med revolusjonen, for sjølv om kommunismen ikkje lenger er styrande og Sovjetsamveldet er oppløyst, er tilhøvet mellom Russland og Vesten framleis påverka av at Russland danna ein kommunistisk stat.

Tsaren og det store riket

Sentral i historia om den russiske revolusjon er tsaren Nikolaj den andre. Mange monarkar forsvann i Europa gjennom dette hundreåret. Til forskjell frå dei fleste andre blei den russiske tsaren og hans familie drepne. Men fekk eigentleg russarane det betre når han var borte?

– Eg tykkjer tsar Nikolaj II er eit godt døme på menneske som har vore «feil mann på feil stad». Han skulle styre eit enormt imperium med ein fullstendig avleggs styreform, og var korkje brutal nok til å kue sivilsamfunnet eller dynamisk nok til å forstå at samfunnet trengde ei reform, seier han, og held fram:

– Mange monarkar og imperia deira gjekk dukken etter første verdskrig, men Nikolaj og familien hans vart i tillegg brutalt henretta av bolsjevikane, og slik sett er historia om han det mest tragiske dømet på korleis tida gjekk frå desse monarkane, som ikkje forstod samtida eller folket sitt, seier Krohg-Sørensen.

Foto: Bilde frå boka.

Diktaturet heldt fram

Då Nikolaj først abdiserte, feira bøndene og arbeidarar. I åra som følgde blei landbruket, industrien og infrastrukturen modernisert. Men Sovjetsamveldet blei aldri ein demokratisk stat.

– På 1920- og 30-talet måtte millionar av menneske lide som følge av tvangskollektivisering av landbruket, terror og utreinsking. Somme fekk det betre, andre verre. Poenget er at revolusjonen ikkje bidrog til å gjere folk frie, for den diktatoriske tradisjonen haldt fram.

Levande historie

Til forskjell frå andre bøker om den russiske revolusjonen er revolusjonen i boka til Krohg-Sørensen teikna. Fordelane med å fortelje historier i teikneserieformat meiner han sjølv er mange.

– Teikneserie er gull verd når det gjeld historisk handling. Med teikneserie kan du presentere både reint skjematiske ting som kart over stadar og portrett av ulike aktørar. Norske lesarar kan dessutan bli litt forvirra over dei russiske namna. I tillegg kan du teikne spennande og actionfylte scener og gi lesaren ei visuell skildring. Du kan dramatisere dialog og hendingar og gjere historia meir levande.

– Kjem det fleire teikneseriebøker frå deg framover?

– Sjølvsagt! Allereie etter Den russiske revolusjonen har eg laga eit hefte for Sporveien, som handlar om historia til Oslo-bussen. Heftet er nummer tre i ein serie, og er laga saman med Dongery-teiknar Kristoffer Kjølberg. No skal eg setje meg ned og halda fram med bok nummer to i ein triologi om spritsmuglaren og krigshelten Johannes «Gulosten» Andersen, og eg håpar eg er ferdig innan 2019.