Martine (24) er Nordens beste cosplayar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er Nordens beste cosplayar

– Det er mangel på gode kvinnelege karakterar i media. Eg er kjempeglad i Hobbiten, men kor mange kvinnelege karakterer er det der?

Svaret er at det er veldig få berande kvinneleg karakter i Hobbiten-trilogien.

– Det same gjeld for dei fleste andre media-franchisane, seier Martine Tufte, som brukar kallenamnet Theriza i cosplay-miljøet.

I sommar vann 24-åringen frå Larvik tittelen Nordens beste cosplayar med eit kostyme av dvergen Ori frå Hobbiten.

– Ofte er det diverre slik at kvinnene er svakt skrive og dei har gjerne lite å gjere. For meg speler ikkje kjønn noka rolle. Då går eg for dei mannlege rollene, fordi eg føler dei er betre skrive og har ein meir interessant personlegdom, seier ho.

Trass i denne problemstillinga anslår Martine at fordelinga mellom jenter og gutar i cosplaymiljøet er om lag 70-30, men understrekar at det ikkje finst faste tal.

LES OGSÅ: Rose (37) rir med skjold og mellomalderklede

Veksande miljø
Cosplay skil seg ikkje så veldig frå vanleg utkledning, men cosplayarane er opptekne av å likna på spesifikke, fiktive karakterar. Det kan til dømes vere karakterar frå Ringenes Herre, Harry Potter-universet, dataspel eller japanske anime-seriar.

– Ein tek kvaliteten på kostymet litt meir alvorleg enn dei som berre kler seg ut til kostymefest, forklarar Martine.

24-åringen er blandt veteranane i det norske cosplaymiljøet, som framleis er ganske ungt.  I 2015 feira Desucon, den første og største cosplay-messa her til lands, ti år.

På sine nesten ti år som cosplayar merkar Martine at miljøet har blitt mykje større og meir kjent. Der folk tidlegare heva augebryna over ordet cosplay er det no mange som kunne tenk seg å prøva.

Folkehøgskulane har òg fått augo opp for den populære hobbyen. I 2014 starta Namdals folkehøgskule opp Noregs første cosplay-linje.

Martine Tufte
– Rommet til ein cosplayar er aldri ryddig, forklarar Martine Tufte unnskyldande. Her held ho parykken til sitt prisvinnande kostyme. Foto: Andrea Nøttveit

Sosiale medium-vekst
Martine spår at cosplay-miljøet vil veksa seg større og ser at mange spelselskap ser potensialet i det enormt engasjerte publikummet dei har.

– Eg håpar me klarar å halda på grunnverdiane, som er at det skal vere plass for alle. Det skal først og fremst vere gøy. Det skal ikkje handla om korleis du ser ut. Det skal ikkje ha noko med hudfarge, kroppstype eller kjønn å gjera, seier 24-åringen.

Ho meiner at sosiale medium er eit tviegga sverd, sidan det både kan bidra til meir kontakt og meir press.

– Det er ein fare for at det kan koma til å handla om å få mest likes og fans på sosiale medium, men me er ganske einige om at det ikkje er ei positiv utvikling. Du får ein del folk som er nervøse for å byrja, fordi dei ikkje føler dei er gode nok.

LES OGSÅ: Musikaren Silja Sol i nye klede

Unntakstilstandar
Når ho ikkje syr kostymer eller held kurs i cosplay er Martine student i medievitskap på Universitetet i Oslo. Ho held for tida på med ein mastergrad om fandomkultur, noko ho har førstehandskjennskap til.

Sverddekorasjonane i stova avslører at Martine ikkje er den einaste i cosplayaren i kollektivet. Stort sett må dei halde det kreative rotet sitt på rommet, men før store arrangement vert det innført unntakstilstandar i stova.

Ein slik unntakstilstand fann stad i sommar, då Martine jobba med å gjera ferdig kostymet til dvergen Ori. Dette kostymet hadde ho jobba med i nesten åtte månadar og dei siste døgna gjekk det nesten i eitt.

Resultatet etter fleire lag med møbelskum, spesialeffektsminke og parykk vart så ugjenkjenneleg at ikkje ein gong hennar næraste klarte å kjenne ho att. Så var det heller ikkje anna enn partiet rundt augo hennar som syntest.


På scena i Linköping i Sverige vart Martine kåra til Nordens beste cosplayar. Premien var ein tur for to til Japan, som skal innkasserast til våren eller sommaren.

For Martine er det ein stor og viktig del av hobbyen å laga kostymet sjølv. Det gjekk nokre tusen med i det prisvinnande dvergekostymet, men ho insisterer på at cosplay ikkje treng å kosta skjorta.

– Det er mange studentar som driv med det på veldig lågt budsjett. Det har blitt ein veldig kreativ hobby, fordi mange som driv med det er unge folk som må gjera det billig. Folk lagar heilt fantastiske ting av til dømes pizzaesker, så du treng ikkje dei mest svindyre materiala.

Ikkje berre sexy modellar
Men sjølv om kunnskapen og  aksepten om cosplay har blitt betre, kan Martine sjå at nokre fordommar heng att.

– Det er dei som framleis synest det er teit og nerdete, og at ein tek ting altfor langt. Eller folk som trur at jenter som cosplayar berre er modellar som gjer det for å vere sexy og vise seg fram, seier Martine.

Ifølgje ho er noko av det som kjenneteiknar cosplayarar at dei er veldig engasjert i det dei driv med. Dei bryr seg ikkje om å tona ned interessene og begeistringa si for popkulturelle fenomen. Og gjennom cosplay vert dei kjent med andre som er interessert i dei same tinga – på same nivå.

– Det er mange som kjem inn i det med historier om at dei aldri har følt at dei passa heilt inn. Det er veldig mange som eigentleg er ganske sjenerte og ikkje så sosialt aktive elles, som føler at dei passar betre inn når dei kjem på ein cosplay-event og kan vera med andre likesinna, seier Martine, og legg til:

– Eg trur at eg har blitt mykje meir sjølvsikker av det, fordi du kjem deg ut blant folk, møter nye folk og står på scena framfor alle desse nye menneska. Det har sett meg i ein del situasjonar eg ikkje hadde kome i elles, og det har difor vore veldig nyttig for min del.

LES OGSÅ: – Kven avgjer at det er fridom å ta av seg klede?