– Eg kan avsløre at ja, det er litt skummelt, men eg har i alle fall lært meg å stå tryggare i det når eg veit at eg har gjort mitt beste, seier Kine (32).
– Eg har alltid vore fascinert av språk og fleirspråklege menneske, som om dei kunne snakke i kodar og alltid visste noko som ikkje andre visste.

Fyrste bind av «Heksehatt-atelieret». Bokomslag: Kamome Shirahama/Outland Forlag
Det skriv Kine Unhjem til Framtida.no på e-post. Ho jobbar som omsettar. Jobben hennar går ut på å omsette manga til norsk.
Manga er japanske teikneseriar, og Unhjem omset serien Heksehatt-atelieret.
– I tillegg har eg begynt å velje ut skrifttypar og sette grafiske verkemiddel til det eg omset. Det jo gøy når ein må vere litt kreativ når ein skriv og skal velje uttrykksmåte.
Mykje fokus på norsk grammatikk
Unhjem fortel at ho tidleg blei gripen av japansk populærkultur. Ho har ein mastergrad i Japan-studium og to år fagskule innan grafisk design.
Ho meiner utdanninga førebudde ho på å vere omsettar.
– Men det som kom som eit lite sjokk både på studiet og i jobbsamanheng, var kor mykje fokus det blir på norsk grammatikk og rettskriving i tillegg. Når ein skal omsette til morsmålet sitt, er det kanskje lett å tenke at det har ein full kontroll over, men det er heilt til ein lærer at det finst fleire kommareglar enn dei du lærte på ungdomsskulen.
Tenkte det kunne bli skummelt
Før ho begynte å jobbe som omsettar, tenkte ho at det var eit yrke som gav mykje fridom.
– Samstundes høyrde eg historier om at det kunne bli veldig einsamt. Og det stemmer vel på sett og vis. Det blir mykje fokus og knoting på eiga hand, det seier seg sjølv, kanskje. Men eg likar jo å halde på med ting for meg sjølv og sjå kor langt det går før eg må spørje andre om hjelp.
Unhjem er no med i ein digital felleskanal, der ho kan snakke med andre som jobbar med nett det same som det ho gjer. Det er ein fin tryggleik å ha, seier ho.
Før ho begynte å jobbe, tenkte ho òg at det heile kunne bli litt skummelt.
– Omsettingar er jo utsette for kritikk her og der. Korleis tek ein dei beste avgjerdene, liksom? Eg kan avsløre at ja, det er litt skummelt, men eg har i alle fall lært meg å stå tryggare i det når eg veit at eg har gjort mitt beste.
Gjeld å vere litt fleksibel

Kine har snart omsett Heksehatt-atelieret i eitt år. Foto: Privat
Jobben ho har no, fekk ho etter nokre år og litt flaks.
– Eg blei ferdig med studia då covid-19 brøyt ut, så eg hadde ganske låge forventningar til å finne nokon draumejobb med det fyrste. Eg fann heller aldri nokon som spurde etter omsetting frå japansk til norsk.
Strategien blei å søkje etter arbeid som kunne minne litt om det ho hadde studert, berre for å få ein fot innanfor.
Omsettingsjobben ho har no, fekk ho i fjor sommar, og tilbodet seier ho var eit resultat av at ho hadde søkt «på alt mogleg».
– Eg søkte vel opphaveleg på ei stilling som omsettar til ein japansk manga som skulle på norsk – eg hadde aldri vore så nære noko så relevant før! Men eg fekk dessverre ikkje oppdraget. Då hadde eg eigentleg gitt opp litt dette sporet med omsetting og jobba vidare med andre ting.
Men så fekk ho ei melding i innboksen frå same forlag nokre år seinare om at dei no såg etter fleire som kunne omsette frå japansk til norsk.
– Då gjekk det seg plutseleg til. Så eg trur det gjeld å vere litt fleksibel til å begynne med, spørje og søkje så mykje du berre orkar – og ikkje vere redd for å skryte av krysskompetansar ein har. Moglegheitene plar å by seg fyrst etter at du har våga og feila litt.
Timane går fort
Ein vanleg arbeidsdag utspelar seg over pulten på heimekontoret.
– Eg jobbar gjerne på kveldstid i og med at eg står veldig fritt til å strukturere arbeidsdagane mine. Då har eg gjerne noko varmt i koppen min, litt bakgrunnsmusikk på, ordbøker klare på skjermen og originalverket i eit bokstativ ved sida av meg.
Deretter er det berre å jobbe seg gjennom side etter side, tolke teikning etter teikning, og fylle boble etter boble, skriv ho.
– Timane plar å gå fort. Det som i utgangspunktet skulle vere fire timar, blir ofte seks.
Må vere kunstnarisk sjølv

Ei side Kine har omsett. Foto: Privat.
Det beste med jobben er at ho berre kan forsvinne inn i ei anna, spennande verd.
– Og få lov til å sette mitt preg på den. Av og til finst det ikkje samsvarande ord på norsk, og då må ein nesten vere litt kunstnarisk sjølv for å få bodskapen til å flyte fint. Det kan vere litt utfordrande, men òg utruleg gøy når ein kjenner at ein har fått til noko lurt.
Det mest utfordrande er å kome over noko uvant eller noko ho ikkje forstår med det fyrste.
– Då kan det bli nokre ekstra rundar med ordbøker, googling og tenking.
Håpar å halde fram med dette
– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?
– Godt spørsmål. Kanskje at det finst éin riktig måte å omsette på? Nokre gongar kjenner eg på at eg kan gå i fleire retningar med omsettinga, og at alle variantane vil tene eit formål.
– Yrket passar for dei som likar/kan språk (inkludert norsk, om ein skal omsette til det!), skriving, kreativ tenking, og å jobbe lenge for seg sjølv.
Sjølv synest ho det mest utrulege som har skjedd gjennom jobb er at folk frå forskjellige kantar plutseleg har lyst til å snakke om og med ho.
– Noko som er veldig hyggeleg!
– Kva draumar har du for framtida?
– Uff, eg synest det er så vanskeleg å svare på sånne spørsmål. Eg drøymer om alt og ingenting. Eg håpar eg får halde fram med å halde på med ting som dette – ting som eg synest er spennande og givande. Og at eg kan halde fram med å vokse på det og kanskje til og med inspirere andre?
Unhjem veit at arbeidsmarknaden er tøff om dagen, særleg innanfor meir eller mindre kreative yrke.
– Eg blei sjølv møtt med mykje skepsis då eg valde å gå for språk og design. Er det kanskje no eg skal runde av med ein velmeinande klisje? Om eg kan, så kan du!







