Mållaget føreslår nye fylkesnamn

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Kommunal- og forvaltningskomiteen som inviterer til høyring.

Fredag 6. april la regjeringa fram sitt syn på nye fylkesnamn i Noreg. På tvers av faglege råd og folkeleg motstand har regjeringa gått inn for namna «Vestland», «Innlandet» og «Viken».

– Noregs Mållag reagerer sterkt både på desse framlegga og på saksbehandlinga. Regjeringa har brote utgreiingsinstruksen ved ikkje å sende saka på brei høyring, og regjeringa har heller ikkje høyrt på sitt eige sakkunnige organ i namnesaker, Språkrådet. Dette føyer seg inn i ei rekkje av saker der regjeringa har sett vekk frå råda til Språkrådet som i fleire kommunenamn og OsloMet, heiter det i ei fråsegn frå Noregs Mållag.

Støttar Språkrådet

Til dei tre nye fylkesnamna har Språkrådet komme med gode og grundige tilrådingar, og Noregs Mållag meiner dette er gode framlegg.

Mållaget meiner at det etter ei brei høyring bør vere mogeleg å finne gode alternativ mellom desse namna:

  • I staden for «Viken» bør det veljast «Vika», eller andre namn, som er i tråd med nedervd lokal uttale og dei lokale målføra.
  • I staden for «Innlandet» bør ein anten velje «Opplanda» eller «Hedmark og Oppland».
  • I staden for «Vestland» er både «Bjørgvin», Gula» og «Fjordane» langt betre enn «Vestland», som er eit særs uheldig namn.

– Språklege kulturminne

Fylkesnamna er språklege kulturminne og må bli behandla som det. Å byte ut eit gamalt fylkesnamn med eit nytt når fylka ikkje har hatt ein forsvarleg fagleg prosess kring namnevala er fagleg uforsvarleg. I fylke etter fylke er namna blitt vedtatte heilt utan offentleg debatt i forkant og utan ei brei drøfting. Slik har namnevala blitt resultat av politiske kompromiss og fikse påfunn av politikarar utan kompetanse på feltet, med «Vestland» som det verste eksempelet.

– Svært uheldig

Då dagens fylkesnamn blei vedtatte i 1918, var det resultat av eit større fagleg utgreiingsarbeid, ein grundig høyringsrunde og ein omfattande politisk prosess.

– Det er svært uheldig at styresmaktene ikkje har prioritert dette i 2018, skriv Mållaget.

Noregs Mållag krev at saka om nye fylkesnamn blir send på høyring før Stortinget gjer vedtak, og at det blir lagt stor vekt på namnefaglege råd i valet av nye fylkesnamn.

– Valet av fylkesnamn har store konsekvensar. Namna er ikkje berre namn på fylkeskommunar, men er inndelingsnamn som går inn i allmenn språkbruk og som kan bli ståande i fleire hundre år, heiter det i fråsegna til Noregs Mållag.