No kan skulebibliotekarar i Florida bera våpen på jobb
Florida-guvernør Rick Scott trassa bibliotekarforbund og underskreiv ny lov.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Siste fredag signerte guvernør Rick Scott lova som tillèt bibliotekarar og andre tilsette på skulen, men ikkje lærarane, å bera skytevåpen i dei offentlege skulane i Florida.

Skytevåpen i skulebibliotek vil undergrava opplevinga av tryggleik for elevane, heiter det frå bibliotekorganisasjonar i USA, etter at Florida no vil tillata slik væpning. Foto: American Libraries
– Skytevåpen i skulebiblioteket våre, akkurat som i kvart og eit klasserom, vil undergrava opplevinga av tryggleik som er avgjerande for elevane, og det vil leia merksemda til skulebibliotekarane vekk frå å fokusera på læringa til elevane, heiter det frå bibliotekorganisasjonane American Library Association (ALA) og American Association of School Librarians (AASL).
– Me trur ikkje løyve til å væpna skulebibliotekarar er svaret for å hindra vald og masseskytinger, heiter det frå presidentane Jim Neal (ALA) og Steven Yates (AASL), melder Bibliotekarforbundet i Noreg.
Den omstridde lova inneber samstundes restriksjonar på kjøp av skytevåpen i Florida. Aldersgrensa for å kjøpa skytevåpen blir heva til 21 og det blir forbod mot såkalte «bump stocks» som gjer at halvautomatiske våpen kan avfyra skota raskare.
I løpet av dei 75 første dagane i 2018, er 2941 menneske i USA drepne av skytevåpen. 688 av desse er barn under 18 år, ifølgje Gunviolencearchive.org.
14. februar mista 17 livet i nok ein skulemassakre i USA, denne gongen på Stoneman Douglas High School i byen Parkland i Florida.

Kvar raude prikk viser menneske som har mista livet av skytevåpen i USA så langt i 2018. Kart: Gunviolencearchive.org