Den gløymde lærdommen

Hedda Hauge
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg kan mykje, men ikkje nok. Etter 12 år som elev i norsk skule har eg lese side på side om krigar, Newtons lover og derivasjonsreglar. Eg er vorte eit levande leksikon av lærdom norsk skulevesen meiner eg treng for å vere rusta for arbeidslivet.

Men sjølv om norske elevar fagleg sett går ut av vidaregåande med ein framifrå grunnmur av essensiell kunnskap, har fleire ungdommar eg kjenner problem med å fungere optimalt når dei skal ut i arbeid. Det hjelper lite å kunne ramse opp diverse omgrep om sosialiseringsprosessar viss ein ikkje evner å samarbeide og forstå seg på andre. Norsk skule har lukkast godt i å opplyse ungdom, men ikkje alle klarar å nytte seg av kunnskapsbasen.

Eige fag?

For den brutale sanninga er at næringslivet treng folk som er gode på å samarbeide og som i team kan jobbe saman om ei løysing. Sjølv om det er viktig at kvart enkelt individ har nødvendig kunnskap for å løyse problemet, er det kanskje enda viktigare å forstå si rolle i organisasjonen.

For å fungere i ei bedrift, må ein ha ei grunnleggjande forståing om kultur i bedrifter. Det hjelper lite om ein berre har seksarar om ein ikkje klarar å løyse saker saman med kollegaar, og dessutan ikkje evner å bruke skulekunnskapen.

Det hjelper lite om ein berre har seksarar om ein ikkje klarar å løyse saker saman med kollegaar, og dessutan ikkje evner å bruke skulekunnskapen.

Og joda, me har då gruppearbeid i skulen i dag. Men mi erfaring er at den flinkaste eleven som regel står att med alt arbeidet, slik at dei svakaste får betre karakter. Eg trur dette er vanleg i norsk skule. Men slik er altså ikkje arbeidslivet, her må ein faktisk samarbeide og gjere kvarandre gode for at ein bedrift skal lukkast.

Gruppearbeidet må verte annleis, slik at alle har ei definert oppgåve for at totalen skal verte best mogleg, slik som i arbeidslivet. Til dette er det trong for leiarar, og difor er det essensielt at norsk skule dyrkar tiltakshugen i folk. Kanskje hadde det vore ein ide med eit eige fag som omfattar styring og kultur i bedrift, kommunikasjon og filosofi der elevane får smake på samarbeid, verkelyst og menneskeforståing?

Problemløysing og meir diskusjon

Når det gjeld fagleg nivå, scorar norske elever høgt på internasjonale testar. Me er språkleg gode, reiknar godt og kan mykje historie.

Men i arbeidslivet møter ein ikkje på problemstillingar merka med HISTORIE, SAMFUNNSFAG og KJEMI og konkrete mål med høg, middel eller låg måloppnåing. Ein vil oftast møte på ei saleg blanding der ein på best mogleg måte må finne ei løysing. Oppramsinga og pugginga fungerer altså dårleg.

Ein må kunne trekke linjer, blande kunnskap og bruke dette til å forstå seg på både andre menneske og samfunnet. Dette gjeld også i politikken, og eg trur at fleire unge ville bruke stemma si om dei får eit forhold til korleis kunnskapen frå skulen kan hjelpe samfunnet.

Politikk og samfunnsliv med fokus på nyheiter og diskusjon, burde utgjere meir av skulekvardagen.

Politikk og samfunnsliv med fokus på nyheiter og diskusjon, burde utgjere meir av skulekvardagen. Også fleire tverrfaglege prosjekter heilt ifrå barneskulen trur eg norske elevar ville ha godt av. Sjølv hadde eg ein barneskulelærar som kvart år hadde eit nytt fleirfagleg prosjekt, der me eit år laga forretningsplanar, reikskap og salsstrategiar og det neste laga mat i skulekantina med økonomistyring og behandling av kundar. Me fekk også politisk innsikt då me eit år skugga ein politikar i kommunen. Samstundes som me lærde konkret kunnskap som passa inn i skulefaga, fekk me ein smak på forretningsliv, bruk av kunnskap, samarbeid og ikkje minst korleis ein behandlar andre menneske. Med fleire slike prosjekt, som Ungt Entreprenørskap, trur eg ungdom endå tydelegare vil sjå nødvendigheita av kunnskapen. Då vil kanskje også motivasjonen i skulen auke.

Viss norsk skule også kunne formidla til elevene korleis ein bruka det framifrå faglege basen, trur eg overgangen frå skulegang til arbeidsliv hadde vore mykje lettare. Kvar enkelt bør spørje seg: Kva forventar dei andre av meg og kva kan eg yte for at me saman finn løysingar på store problem? Viss dei samstundes evnar å tenkje sjølv på grunnlag av verdiane og faktaa skulen lærde oss, trur eg samfunnet ville nyte godt av det. For som Konfusius ein gong sa;  «Å lære utan å tenkje, har ingen verdi.»