«Drit og dra, KrF»
I samband med KrFUs nye leiar som sjølv meiner at kvinner som har vorte valdtekne bør bere fram barnet, kjenner eg at begeret mitt renn over, og at Jesus sjølv hadde kasta opp av KrFs opplegg om dagen, skriv Mona Lill Angell-Olsen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
KrF og KrFU har i valkampen profilert seg på Israels rett til å forsvare seg, anti-prideflagg og det dei sjølv kallar «radikal kjønnsteori» i skulen. I samband med KrFUs nye leiar som sjølv meiner at kvinner som har vorte valdtekne bør bere fram barnet, kjenner eg at begeret mitt renn over, og at Jesus sjølv hadde kasta opp av KrF sitt opplegg om dagen.
Hovland har i ettertid sagt at det er hennar personlege meining, men at ho stiller seg bak KrFU sin politikk om fri abort fram til veke 12. Eg meiner framleis dette reflekterer farlege haldningar mot kvinner som oppstår internt i KrFU og KrF. Så, på bakgrunn av dette fekk eg eit behov for å skrive om KrFs vesle «om Kristeleg Folkeparti» frå nettsida deira.
I dag står dette på nettsidene til KrF:
«Om Kristeleg Folkeparti (KrF)
KrF meiner at vi alle har eit ansvar for å bry oss om andre menneske, same kven dei er, kva dei kan eller kvar dei bur. Dette kallar vi nestekjærleik. Vi meiner at alle menneske er like mykje verde, og at ingen kan setje ein prislapp på eit menneske. Dette kallar vi menneskeverd.
KrF meiner også at vi må passe på den eine jordkloden vi har. Vi skal passe på menneska og dyra som bur her no og i framtida. Vi må også bruke dei pengane og tinga vi har på ein god måte og sørgje for at alle menneske får brukt evnene og talenta sine. Dette kallar vi forvaltaransvar.
KrF sin politikk tek nestekjærleik, menneskeverd og forvaltaransvaret på alvor. Vi seier også at KrF er eit kristendemokratisk parti.»
Drit og dra, KrF, er kommentaren min til det.
Her er forslaget mitt til korleis dei kunne formulert seg, for å betre ytre ståstadene deira;
«Om Kristeleg Folkeparti (KrF)
KrF meiner at vi alle har eit ansvar for å bry oss om andre menneske, same kven dei er, kva dei kan eller kvar dei bur, med mindre du er homofil, trans, palestinar, eller kvinne med uønskt svangerskap. Dette kallar vi nestekjærleik. Vi meiner at alle menneske er like mykje verde, (igjen med mindre du er homofil, trans, palestinar, eller kvinne med uønskt svangerskap). I tillegg vil vi i regjering med høgresida, slik at vi kan gi skattegåver til den rikaste i landet og sørgje for at forskjellane aukar endå meir. Det kallar vi menneskeverd.
KrF meiner også at vi må passe på den eine jordkloden vi har, ved å kvitte oss med det største samfunnsproblemet i dag, nemnleg «woke». Vi skal passe på særleg dei ufødde menneska, og passe på å skrote livsviktig likestillingspolitikk. Vi må også bruke dei pengane og tinga vi har på ein god måte, og ikkje kaste dei bort på propaganda som pride flagg i skulegarden, eller likestillingstiltak. Vi vil sørgje for at alle menneske, særleg ufødde barn, får brukt evnene og talenta sine. Dette kallar vi forvaltaransvar, resten kallar det tullete kulturkrig og kvinnehat.
KrF sin politikk tek nestekjærleik, menneskeverd og forvaltaransvaret med ei klype salt. Vi seier også at KrF er eit kristendemokratisk parti.»
Skjerpings, KrF og KrFU. Finn fram nestekjærleiken, på ekte.






