Skal forske på lysfenomenet i Hessdalen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 20.04.2018 22:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hessdalen har i mange år trekt til seg skodelystne som har villa sjå på mystiske lysfenomen. Staden er blitt kjend for “lyskuler” på himmelen som ingen har noka naturleg forklaring på.

– Vi skal byggje ein semipermanent forskingsstasjon på toppen av Skarvan som vi har fått løyve av frå blant anna Statskog. Vi skal drive med observasjon av lysfenomenet i minst sju år framover, seier prosjektleiar for forskingsstasjonen i Hessdalen, Christoffer Moe, til NRK.

Skal få maksimalisert observasjonstida

Høgskolen i Østfold har lagt ein bachelorstudie i feltarbeid til Hessdalen og det er studentar frå dette studiet som har gjort arbeidet med å utarbeide søknaden og nødvendig dokumentasjon.

– Forskingsstasjonen skal vere autonom og berekraftig. Samtidig skal den huse forskarar året rundt. Det er tenkt at vi skal få maksimalisert observasjonstid på fenomenet som er her, seier Moe som sjølv ikkje trur fenomenet er ein UFO.

Det var i desember 1981 at dei første rapportane om ukjende lysfenomen kom frå Hessdalen. I 1994 var vitskapsmenn frå ni land på UFO-seminar i dalen.

Til å begynne med skal det bli 8–9 personar som kontinuerleg driftar forskingsstasjonen. Ifølgje Moe skal det første byggtrinnet stå ferdig 8. april, og bygget skal vere klar til observasjon litt ut i månaden.