Romvesen: Finst dei ikkje i det heile?

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I lang tid har mange hevda at det er romvesen på jorda, eller at dei i alle fall kjenner til det som hender her og eigentleg løynd styrer samfunnsutviklinga. Men vi har enno ikkje noko klare bevis på at det faktisk er slik. Kan det vere mest truleg at det ikkje er noko vesen i universet som står over menneske på evolusjonsstigen, slik Fermis paradoks (sjå faktaboks) har hevda lenge?

Framtida tok kontakt med den kjende astrofysikaren og bloggaren Eirik Newth for å høyre tankane hans om dette.

– Vi har berre funne liv på Jorda, og vi har aldri sett teikn til liv ute i universet. Det kan bety at vi ikkje har leita grundig nok, men det kan òg bety at mennesket er den første arten som har utvikla seg så langt, seier han til Framtida.

UFOar og romvesen

Rune Henning Johansen/Wikipedia/CC BY 2.0

Wikipedia finn vi lister som syner rapporteringar av folk som meiner dei har sett UFOar og ofte romvesen med. Desse går heilt attende til før Kristus, men dei fleste er frå dei siste hundre åra. Tek dei alle feil?

– Forskarar har studert tusenvis av UFO-rapportar sidan 1948, og aldri funne bevis for at UFOar er romskip. Viss UFOar faktisk finst er det like sannsynleg at dei er eit nytt naturfenomen som romskip frå ei annen stjerne, svarar Newth.

Om det faktisk er romvesen der ute ein stad, kvifor har dei ikkje teke kontakt med oss menneske? Nokre meiner dei godt kan ha gjort det, men at vi ikkje har klart å fange opp meldingane dei har sendt oss, eller eventuelt at vi har meldingane, men ikkje har klart å tyde dei. Newth meiner det er mange kompliserte årsaker til dette:

Fermi trudde ikkje på romvesen.

Enrico Fermi var overtydd om at romvesen ikkje eksisterer.
Foto: US Department of Energy. Office of Public Affairs

– Viss vi ikkje høyrer fra romvesen, er den enklaste forklaringa at dei ikkje finst. Den nest enklaste forklaringa er at dei er så langt unna at dei ikkje veit om oss.

Vi må vere raskare enn lyset for å leite etter romvesen

Om det er slik at dei er så langt unna oss, må vi ha kjappe skip som kan reise til andre solsystem og delar av universet, og ikkje som no der vi ikkje klarar å reise kjappare enn lyset, noko som gjer at det tek mange år berre å reise til planetar utanfor solsystemet vårt.

– Ingen veit korleis vi skal fly raskare enn lyset, og sjølv dei raskaste romskipa vi kan tenkje oss idag flyr hundre ganger tregare enn lyset. Det betyr at det vil ta hundrevis eller tusenvis av år å reise sjølv til ganske nære stjerner i galaksen vår. Universet er stort!, avsluttar Newth.

Fakta

Fermi-paradokset er eit paradoks som går ut på at ein ikkje har sett spor av vesen frå andre klotar i Mjølkevegen, trass i at galaksen inneheld over 200 milliardar stjerner, og at kanskje 20 milliardar av dei har planetsystem. I tillegg er sola ei relativt ung stjerne, og det finst milliardar av stjerner i galaksen som er milliardar av år eldre.

Fysikaren Enrico Fermi meinte i følgje denne tankegangen at jorda burde alt ha blitt vitja, men Fermi fann ikkje overtydande bevis på dette, eller teikn på intelligens andre stader i galaksen, og utbraut difor «Kvar er dei?»

Kjelde: SNL.no