Har funne gen som gjer at nokon kan «sjå» lydar

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi kan ikkje vite korleis andre menneske oppfattar verda. Det er nok litt ulikt frå menneske til menneske korleis vi opplever syn, hørsel og lukt, skriv Forskning.no.

Ei lita gruppe menneske har noko vi kallar synestesi. Det betyr at to sansar er kopla saman. Når dei eine er i bruk, vil også den andre sansen reagere.

Ser lydar

Desse menneska opplever at lyd og fargar heng saman. Difor kan dei sjå musikk. Ein spesiell tone kan vera kopla til ein viss farge.

Ei gruppe forskarar har prøvd å kartlegge kva gen menneske med denne eigenskapen har. Dei har undersøkt ein gjeng som har synestesi i familien. Alle familiane kunne sjå musikk. Men dei var ikkje i slekt med kvarandre.

Like gener

Difor såg forskerane på gena deira, og fann ut at alle tre familiane hadde nokre av dei same gena.

Forskarane veit ikkje om alle som opplever synestesi har dei same gena, men dette vert no forska meir på.