ESA godkjenner dumping av gruveavfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Godkjenner dumping i fjorden

ESA fekk i 2015 tre klager på avgjerda til myndigheitene om å gi gruveselskapet Nordic Mining løyve til å deponere gruveavfall i Førdefjorden i Sogn og Fjordane.

Løyvet vart gitt i april 2015 og utløyste store miljøprotestar.

Klagarane hevdar avgjerda er i strid med EUs vassdirektiv, og at gruveavfallet vil vere sterkt forureinande i lang tid.

I samsvar med reglane
ESA konkluderer no med at Noreg har opptredd i samsvar med reglane i vassdirektivet. Dermed blir dei tre klagesakene lukka.

ESA opplyser at det ikkje er avdekt openberre feil i saksbehandlinga i Noreg. ESA meiner norske styresmakter har rett til å godkjenne sjødeponiet, og at Noreg har innfridd vilkåra for å gjere unntak frå vassdirektivet.

– ESA tar ikkje stilling til sjølve prosjektet. Vi har vurdert den norske saksbehandlinga opp mot EØS-reglane, og der har vi ikkje funne brot på Noregs forpliktingar, seier ESAs president Sven Erik Svedman.

LES OGSÅ: Førde-politikarar klagar sjødeponi inn for ESA

«Eit svik»
Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace Norge, meiner ESAs avgjerd er «eit svik mot fjorden».

– Forskinga er krystallklar på at dumping av gruveavfall vil drepe liv i fjorden, og at vasskvaliteten vil bli forringa. Det er ufatteleg at ESA ikkje legg dette til grunn, seier han.

– Om ikkje dette bryt med lovverket er det vanskeleg å sjå for seg kva som vil gjere det. Det viser at lovverket ikkje er verdt papiret det er skrive på ein gong, seier han.

Leiaren i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, meiner det er uhaldbart at ESA ikkje har vurdert sjølve faktagrunnlaget i saka.

– Dei har berre vurdert den formelle saksbehandlinga. Dei gjer inga vurdering av faktagrunnlaget. Vi er skuffa over dette, seier Lundberg til NTB.

LES OGSÅ: Førdefjorden-aksjonistane dømt 

Ikkje i gang
Nordic Mining opplyser til NTB at selskapet framleis ikkje er i gang med produksjonen. Dermed har selskapet heller ikkje begynt å deponere gruveavfall enno.

– Den ligg fleire år fram i tid. Vi er no i gang med den tekniske planlegginga, seier finansdirektør Lars Grøndahl.

Lundberg varslar at Naturvernforbundet vil fortsette å jobbe for å få stoppa prosjektet før dumpinga kjem i gang.

– Dei har no løyva dei treng frå norske styresmakter, men samtidig veit vi at det som er utfordringa, er å skaffe finansiering. Vi vil sjå korleis vi kan jobbe opp mot aksjonærar for å få dei til å trekkje støtta til Nordic Mining, seier ho.

LES OGSÅ: "Naturhippiane vil heller at barn i Afrika skal utvinne mineral"

Faktaboks

DEPONERING AV GRUVEAVFALL I NORSKE FJORDAR

– I norske fjordar og kyststrøk finst det meir enn 20 sjødeponi, enten avslutta, i drift eller planlagde.

– Striden står primært om fjorddumping på tre stadar, Førdefjorden, Bøkfjorden i Sør-Varanger og Repparfjorden i Kvalsund.

– Felles for alle dei tre stadane er at dei har status som nasjonale laksefjordar.

– Gruveselskapa og norske myndigheiter meiner at deponeringa ikkje fører til miljøskadelege utslepp.

– Miljøvernarane er skeptiske til dette. Dei meiner fleire av kjemikaliane i gruveslammet er for dårleg testa. Dei meiner dessutan at det fine steinstøvet i seg sjølv vil påverke næringskjeda i fjordane.

– I september var Noreg og Tyrkia dei einaste landa som stemte mot då Verdas naturvernunion fatta vedtak om å stoppe all dumping av gruveavfall i sjøen.