Fleire ungdommar er overvektige
Fleire enn éin av fem ungdommar som møtte på sesjon i Forsvaret i 2016, var overvektige.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Overlege Håkon Meyer ved Folkehelseinstituttet seier til P4 at han er bekymra over utviklinga.
I 2016 var 22,5 prosent av 17-åringane som møtte på sesjon, overvektige. Det er ein auke frå 2011.
Kan bli stigmatiserte
Meyer viser til at overvektige ungdommar kan få lågare sjølvbilde og bli stigmatiserte. I tillegg er overvektige meir utsett for sjukdommar som diabetes og hjarte- og karsjukdommar.
– Dersom ei heil befolkning blir veldig tung, og det startar i tidleg alder, kan desse sjukdommane komme tidlegare og i større grad, seier han til P4.
Ifølgje tala frå Folkehelseinstituttet var det flest ungdommar frå Finnmark, 30,2 prosent, som var overvektige. Det er nesten dobbelt så mange som i Oslo.
- Les også: Kan vi kurere aldring?