I 1846 var den forventa levealderen i Noreg under 50 år. I dag blir vi i gjennomsnitt 82 år. Finst det i dag forsking på kuren mot alderdom, og vil vi som lever i dag i så fall ha nytte av dette?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Du har kanskje høyrt at så godt som alle cellene i kroppen blir fornya i løpet av 10 år? Dette er ikkje heile sanninga. Gjennom heile livet delar cellene i kroppen seg konstant, og erstattar utslitte, eldre celler. Det er stor forskjell for kor raskt forskjellege vev i kroppen fornyar seg. Medan cellene i tarmen fornyer seg i løpet av få dagar, tar det heile 25 år for fettcellene å bli erstatta av nye. Dei fleste nervecellene i hjernen er med oss gjennom heile livet. Men kva har dette med aldring å gjere?
For kvar gong ei celle deler seg, lagar den identiske kopiar av seg sjølv, men den mistar likevel litt av sitt arvestoff i prosessen. Arvestoffet, som også blir kalla DNA, ser ut som ein lang tråd og inneheld oppskrift eller gen for alle smådelane eit cellemaskineri treng for å gå rundt.
På enden av desse trådane finn vi nokre beskyttande endestykke kalla telomerar, som liknar på plasttuppen av ei skolisse. Endestykka inneheld ikkje genar og det gjer derfor ingenting at dei forkorta litt og litt for kvar celledeling. Men kva skjer når telomerane blir forkorta så mykje at det ikkje er meir igjen av dei?
Zombie-celler
Etter utalege celledelingar gjennom eit langt liv blir telomerane brukt opp. Som følgje av dette blir det danna zombie-liknande celler kalla «forelda celler», som rett og slett har gått ut på dato. Desse cellene deler seg ikkje lengre, men døyr heller ikkje bort og blir verande i kroppen.
Jo eldre vi blir, desto fleire forelda celler blir danna i vev og organ. Opphopinga av dei foreldra cellene er kopla til fleire sjukdommar vi set i samband med alderdom, som leddgikt, åreforkalking og nyresvikt, for å nemne nokon.
LES OGSÅ: To veker i senga kan gjera unge 50 år eldre
Skadde celler
Sjølv om forkorting av telomerar speler ei sentral rolle i aldringsprosessen, finst det fleire andre forklaringar på kvifor kroppen eldest. Til dømes blir DNA-et vårt heile tida skadd av frie radikalar, sollys og stråling. Sjølv om cellene har mekanismar for å reparere slike skader, vil det likevel over tid leie til mutasjonar i DNA, og dermed ei endring i funksjonane til cellene. Dette vil også påverke deira evne til å erstatte daude celler, og organ kan ikkje lenge fungere optimalt.
Sidan vi i dag veit så mykje om aldring, er vi då i stand til å kurere, eller i det minste, bremse, denne prosessen? Sanninga er at forskinga på dette området er relativt ny. Samanhengen mellom telomerar og alderdom blei til dømes ikkje oppdaga før i 2009.
Berre starten
Det kan sjå ut som om vi berre så vidt har begynt å forstå mekanismane bak aldring og korleis vi kan manipulere dei. Likevel har det allereie blitt gjort fleire lovande og interessante eksperiment på mus.
Blant anna har det blitt forska på korleis vi kan fjerne forelda celler frå kroppen. Desse cellene er som tidlegare nemnt, ikkje i stand til å døy. Det viser seg at årsaka til dette er at dei produserer for lite av eit signalprotein som fortel cella at den skal ta «sjølvmord».
Lovande resultat
Vanlege celler produserer nemleg dette proteinet når dei blir skadde, slik at dei automatisk drep og fjerner seg sjølv. Ved å tilføre cellene ekstra av dette signalproteinet, meinte forskarane at fleire forelda celler kunne fjernast. Resultatet var lovande; heile 80 prosent av dei forelda cellene forsvann i musa som blei injisert med proteinet.
I tillegg viste det seg at desse musene var meir aktive, mindre utsett for kreft og hadde betre hjerte- og nyrefunksjon samanlikna med jamnaldra mus. Dei levde også opptil 30 prosent lengre enn musene utan tilført signalprotein.
Det finst nok ikkje éi enkel løysing som kan kurere alderdom. Det er også usikkert om resultata frå forskinga gjort på mus vil vere de same hjå menneske. Det er i dag fleire farmakologiske selskap som forskar på utviklinga av medisin som kan bremse aldringsprosessen, og dei første menneskelege forsøka startar snart.
Ville du levd lenger, dersom du kunne?
Denne artikkelen er basert på Kurzgesagt’s video på Youtube.
LES OGSÅ: Lever lengre i nynorsk-land