Varslar at 35.000 kan bli tekne ut i streik frå søndag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meklinga, der AFP, krav om reise, kost og losji og tenestepensjon står sentralt, begynner onsdag. Partane har frist for å komme til semje til midnatt laurdag 7. april.

– Vi har alltid som utgangspunkt at vi skal komme til semje under ei mekling, men vi har krevjande tema på bordet, derfor førebur vi oss også til streik dersom vi ikkje skulle bli einige. På bordet ligg våre krav om ein meir rettferdig pensjon og betra kjøpekraft, og også krav knytt til reise, kost og losji for utsende arbeidstakarar, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

Vil ta ut 29.000 medlemmer i streik ved brot

LO varslar at dei vil ta ut nærmare 29.000 medlemmer i streik søndag ved brot, av dei er 7.868 omfatta av Industriovereinskomsten. Det betyr at dersom det blir streik på krava knytt til reise, kost og losji, er det berre desse som vil bli tatt ut i streik. Blir det derimot streik på AFP, lønn eller tenestepensjon, vil alle 29.000 bli tatt ut.

YS har varsla Riksmeklaren om plassoppseiing for i underkant av 6.000 medlemmer knytt til forbunda Delta, Negotia, Parat, SAFE og YTF. Blant anna tar YS ut 1.300 bussjåførar i Oslo og omland, Stavanger og Sandnes frå søndag om det ikkje blir semje.

– Vi skal gjere vårt for å unngå storstreik, men det er ingen grunn til å legge skjul på at vi står overfor nokre utfordringar når vi no skal løyse kompliserte spørsmål om både AFP og pensjon, seier Vegard Einan, leiar for YS Privat.