Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I lang tid har Tyskland vore sjølve inkarnasjonen av stabilitet i Europa. Etter krigen har i alt åtte personar fått kalla seg rikskansler. Italia har til samanlikning hatt 42 statsministarar i same periode.

Medan nasjonalisme og høgreekstremisme har vore på frammarsj i ei rekkje europeiske land, har det vore forholdsvis stille i Tyskland.

Men i det siste har det begynt å knaka i samanføyingane. Her er fire sentrale utviklingstrekk:

Kartet viser oppslutnaden til AfD i forbundsdagsvalet i 2017. Kart: Wahlatlas, CC BY-SA 4.0-lisens

1. AFD i vekst

Det høgrepopulistiske partiet Alternative für Deutschland(AFD) fekk ein solid oppsving ved valet sist haust med 12,6 prosent av røystene, og blei dermed tredje største parti. På ei måling i februar låg partiet på rekordhøge 16 prosentpoeng. Samstundes flyttar partiet seg stadig lenger mot høgre.

Skipa av euro-skeptiske økonomar i 2013, har ideologien endra seg dramatisk sidan den gong. I programmet av 2016 la partiet seg på ei line som var sterkt islam- og innvandringskritisk. Samanhengen mellom CO₂-utslepp og klimaendringar held partiet for propaganda. EU skal reduserast til ein rein økonomisk union, og landegrensa skal vernast med våpenmakt.

2. Kollaps i regjeringsforhandlingane

Før forbundsdagsvalet i september i fjor var sosialdemokratane i SPD tydelege på at dei ikkje ønskte seg nokon ny storkoalisjon med kristendemokratane i CDU/CSU. Det førte til regjeringsforhandlingar mellom kristendemokratane, Dei grøne og fridemokratane i FDP – kalla Jamaica-koalisjonen på grunn av fargane til dei tre partia.

Det stadig meir marknadsliberale FDP og Dei grøne har eit anspent forhold. Det var derfor stor spenning knytt til om ein skulle komma til semje om sentrale tema som CO₂-kutt, innvandringspolitikk og familiegjenforeining for flyktningar.

20. november i fjor kom fasiten: FDP braut forhandlingane. Det var betre å ikkje regjera, enn å regjera på feil grunnlag, hevda partiet. Det britiske Brexit-kommentariatet fryda seg. I løpet av få timar kunne ein lesa at Tyskland opplevde si største krise sidan krigen. Andre skreiv at britar nå kunne sjå til Tyskland for ekte politisk kaos. Nyval var einaste utveg, og Merkel ville vera vekke innan juletider, spådde britane. Det var ikkje heilt presist.

LES OGSÅ: Student vil felle Merkel

Demonstrantar under klimaforhandlingane i Bonn kom med krav om å fasa ut fossile brennstoff for å gå med på «Jamaica-regjeringa». Foto: Wikipedia

3. Folkepartiet SPD har implodert

SPD har hatt eit tøft år. Først enorm optimisme etter valet av Martin Schulz, tidlegare president i Europaparlamentet, som kandidat til forbundsdagsvalet. I vekene etter såg partiet målingar heilt på høgde med kristendemokratane, og alle lurte på om «Schulz-effekten» kom til å vara.

Martin Schulz i det tyske sosialdemokratiske partiet tapte valet i september, men diskuterer no regjeringssamarbeid med Angela Merkels parti. Samstundes luftar han visjonen om «Dei europeiske sambandsstatane»

Martin Schulz i det tyske sosialdemokratiske partiet endte opp med 20,5 prosent av røystene i forbundsdagsvalet. Foto: SPÖ/Alexander Schwarzl

Det gjorde han ikkje. Partiet mista fleirtalet i tre delstatar i månadane før valet, og enda til slutt opp med 20,5 prosent av røystene ved forbundsdagsvalet. Det er det verste resultatet partiet har hatt sidan skjebnevalet i 1933. Sidan har det gått ytterlegare nedover. I februar viste pila 16 prosentpoeng, berre éin prosent meir enn AFD.

Sidan samanbrotet til Jamaica-koalisjonen har partiet lege i strid med seg sjølv. Skal ein likevel gå i regjering, eller stå på vallovnaden om å ikkje gå inn i ein ny storkoalisjon?

Den eine fraksjonen meinte at partiet trong fire år i opposisjon for å fornya seg. Ein peika på at storkoalisjonen mista 15 prosent oppslutning ved valet og såleis ikkje er ønska. Ikkje minst ville AFD blitt største og viktigaste opposisjonsparti.

Den andre sida meinte partiet måtte ta ansvar for landet. Ein kunne ikkje kasta Tyskland ut i nyval og uvisse. Det vil skada økonomien, Brexit-forhandlingane, og setta ein sjeldan moglegheit for EU-reform i fare.

LES OGSÅ: Det merkelege Tysklands-hatet

Wir schaffen das – me greier det – sa Angela Merkel på ein pressekonferanse i 2015. Sitatet har etter kvart blitt eit symbol på Tyskland sin velkommenskultur i møte med flyktningskrisa. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

4. Ny storkoalisjon

Den tyske kanslaren Angela Merkel fekk til slutt med seg SPD i ein ny storkoalisjon.

Etter uravstemming blant dei nær 500 000 medlemane i SPD, enda det 4. mars i år med solid fleirtal for ein ny storkoalisjon. Dermed går det mot fire nye år saman med Merkels kristendemokratar, trass iherdig kampanjeverksemd frå ungdomspartiet.

For britane er den nye koalisjonen dårleg nytt. Europas største økonomi kjem nå tilbake i Brexit-forhandlingane som ei fleirtalsregjering med sjølvtillit. Saman med blant andre Frankrike vil dei hindra at Storbritannia får lov til å plukka dei delane av EU dei likar, og velja vekk resten. Ved tysk nyval eller mindretalsregjering ville den alliansen stått betydeleg svakare dei komande månadane og åra.

Akkompagnert av ei reformivrig fransk regjering gir det grobotn for endringar i EU. I den nye plattforma til storkoalisjonen er nemleg «ein ny start for Europa» blant dei viktigaste kapitla. Den franske presidenten Emmanuel Macron lova sist år veljarane sine ei «fornying av Europa», inkludert store endringar i Eurosona, og bør såleis vera fornøgd.

Ikkje minst reform av asylsystemet, fronta av Merkel, Hellas og Italia, blir nå meir sannsynleg. Målet er å få på plass ein mekanisme som avlastar land som Hellas og Italia dersom noko liknande flyktningkrisa skulle gjenta seg. Både når det gjeld reform av Eurosona og asylpolitikken vil EU ha planane klare innan juni. Om ein lukkast vil vera avgjerande for å hindra frammarsjen av nasjonalistar ved valet til Europaparlamentet i mai neste år.

LES OGSÅ: Tysk toppolitikar vil skapa «Europas foreinte statar» innan 2025