Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vil ha ein europeisk grunnlovstraktat som skapar «Dei europeiske sambandsstatane». La oss finna motet til å dytta Europa framover, sa partileiar Martin Schulz i ein tale til landsmøtet i Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD). Det skriv avisa FAZ i dag.

Den tyske toppolitikaren, som tidlegare har vore president i Europaparlamentet, lanserte med andre ord ein ambisiøs visjon for å omskapa EU etter modell av USA. Det betyr ei sterkare sentral regjering og meir felles politikk.

Dette vil Schulz ha på plass i ei ny grunnlovstraktat allereie om 8 år, i 2025. Dei EU-landa som ikkje vil vera med på leiken, må automatisk bli utmelde av unionen, meinte partileiaren.

Ønskjer eit solidarisk Europa

Bakgrunnen for tidsplanen er ifølgje FAZ at SPD allereie i 1925 lufta ideen om eit «Europas foreinte statar». I 2025 vil det altså vera 100 år sidan, og Schulz meiner tida er inne for å gjennomføra ideen.

– Berre eit foreint Europa kan hindra usosial skatteflukt og meistra utfordringane med migrasjonen på ein solidarisk måte, skal partileiaren ha sagt.

Schulz’ parti SPD har dei sista åra sete i regjering saman med Angela Merkels kristendemokratiske partiunion CDU/CSU.  Sosialdemokratane gjekk på valsmell i september, men etter at ingen andre alternativ så langt har ført fram, sit dei i dag i diskusjonar om å halda fram regjeringssamarbeidet.

Knut André Sande (21) er leiar i Europeisk Ungdom.

Knut André Sande (21) er leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Europeisk Ungdom

– Bra for debatten

Knut André Sande, leiar i Europeisk Ungdom, meiner Schulz luftar spennande tankar om framtida til EU.

– Samstundes kan det vera litt farleg å gå inn for eit føderalistisk EU med ein gong, for det er kanskje ikkje det folk vil ha, seier han til Framtida.no.

Sande understrekar at Europeisk Ungdom ikkje har tatt standpunkt for eit «Europas foreinte statar», og peikar på at føderalisme er eit «fy-ord» i Europa. Likevel ønskjer han debatten velkomen.

– Emmanuel Macron i Frankrike har gått ut med at han vil ha nye reformer i EU, og viss Tyskland kjem etter, så er det bra. Angela Merkel har så langt vore litt meir atterhalden, påpeikar Sande.