Student vil felle Merkel

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Merkel vil gå av som leiar om ungdomspartiet til SPD får det som dei vil. På SPD-konferansen i byrjinga av desember gjekk Kevin Kühnert, den 28 år gamle leiaren for Jusos(ungdomspartiet til SPD) opp på podiet og åtvara om at ein permanent koalisjon med Unionspartia (CDU og CSU) ville utfordre eksistensen av sosialdemokratane, SPD, vidare i Tyskland. Spesielt ungdomsorganisasjonen til partiet har ei interesse for at det framleis er noko att etter neste val, meinte han.

Den siste tida har leiinga i SPD forhandla om å gå i regjering saman med høgrekoalisjonen som Angela Merkel leiar. Dette lova dei å ikkje gjere då resultatet etter valet i september var klart. Dei fekk nemleg berre 20 prosent, det lågaste resultatet etter krigen.

Dei siste meiningsmålingane, etter at diskusjonen om å gå inn i ein ny storkoalisjon starta,   syner at partiet berre får støtte frå 18 prosent av veljarane.

Den unge statsvitskapstudenten har berre leia dei unge sosialistane sidan slutten av november 2017. Han har sidan starten jobba kraftig imot å gå i koalisjon med det konservative partiet til Angela Merkel. No har han vorte hovudtalsmannen for dette synet i partiet.

– Å gå inn i ein storkoalisjon gjer berre SPD mindre

Hovudargumentet er at SPD må risikere å gå endå lengre ned på meiningsmålingane for å få att tidlegare veljarar. Mange av desse mista tilliten til partiet etter at dei har vore i to storkoalisjonar dei siste tolv åra. Storkoalisjonane er årsaka til at partiet har gått ned omlag 15 prosent i valresultat den same perioden.

– Eg kan ikkje garantera at det vil verka, sa Kühnert i pressekonferansen 18. januar.

– Men vegen vi har valt dei siste åra har gjeve oss lite. Å gå inn i ein storkoalisjon etter den andre fordi vi fryktar alternativet gjer berre SPD mindre og mindre. Difor vil eg bryta denne fæle sirkelen no, og akseptere smerten det måtte gje slik at vi kan utvide perspektiva våre og reorientere partiet.