Det merkelege Tysklands-hatet

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dei som er glade i Tyskland, har det vore tunge tider om ein les norsk og britisk presse. I Noreg har mange aviser, men særleg Stavanger Aftenblad med kommentator Sven Egil Omdal i spissen, vore på farten – både i sosiale medium der han har tusenvis av fylgjarar, og i avisa. Det er mange andre enn Omdal i norsk presse som har vore kritiske til Tysland, men Omdal er tvillaust den største fisken. Så lat oss byrja med nokre sitat frå han: «Når alt dette er over, og demokratiet i Hellas er knust, hva vil andre utsatte land tenke om Tysklands rolle i Europa?» (Facebook). På Twitter har han undra seg over kva som skal til for å få den tyske finansministeren til å endra syn: «What if someone slipped Schäuble an envelope with 100.000 euro? Has worked before.» (Kva som nokon gav Schaüble 100.000 euro? Har verka før.) Vidare har han i Stav­anger Aftenblad stilt seg bak økonomen Paul Krugman, som meiner at tyskarar helst vil straffa folk: «Sjansen er nemlig dessverre liten for at Angela Merkel erkjenner at hun, med Krugmans ord, ‘er dypt forpliktet på en misoppfatning av situasjonen’. Tyskerne tror at økonomien er en del av moralfilosofien, skriver han. Derfor må land som av ganske ulike årsaker har falt i gjeld, først straffes før de kan hjelpes.»

Men Omdal har altså ikkje vore åleine i å meina at Tyskland har utnytta euroen til å veksa seg sterke for slik å kunna straffa andre: «Tyskland har tjent på euroen; grekerne og flere andre har tapt. Det burde åpne for en viss raushet fra tyskernes side, men den har de ikke vist. I stedet rir de prinsipper og paragrafer», skriv Harald Maland i ein kommentar i Stavanger Aftenblad.

Men har tyskarane vore så fæle med grekarane? Ein annan vinkel kan vera at tyskarane har gjeve mykje, underleg mykje, av sin eigen velstand til grekarane og andre søreuropeiske land.

LES OGSÅ: Kva skjedde i Hellas?

Teori
Litt teori: Det finst reine penge­unionar, som eurosona er, og overføringsunionar, som Noreg er. Hadde Noreg korkje vore ein penge- eller overføringsunion, men i staden vore delt opp i ei rekkje småland med ulik valuta, ville Sunnmøre truleg vore rikast og Hedmark fattigast. På Sunnmøre eksporterer kvar arbeids­takar i gjennomsnitt for godt over 1 million; i Hedmark eksporterer dei for langt under 100.000. Likevel er flatskjermane, husa, bilane og PC-ane nokså like i dei to områda. Slik er det av di sunnmøringane og andre eksportørar gjer krona sterk. Den samla norske eksporten er så sterk at hedmarkingane ikkje treng å eksportera noko, dei nyt godt av ein felles valuta. Slik fungerer ein rein pengeunion. Slik fungerer euroen.

Men det er ingen tvil om at hedmarkingane tener dårlegare enn sunnmøringane, då kjem overføringane inn i biletet. Sidan sunnmøringane kan betala mykje i skatt og hedmarkingane lite, tek staten delar av pengane dei får inn frå sunnmøringane, og overfører dei til hedmarking­ane for at velstanden skal vera lik. Dette er både ein penge- og overføringsunion. Slik fungerer Noreg og USA, til dømes.
Kva hadde skjedd om Sunnmøre og Hedmark vart eigne statar? Då hadde sunnmøringane straks vorte mykje rikare og kunne ha kutta i eksporten og kjøpt seg fleire heimlege tenester som dei kunne ha nytta i den auka fritida. Hedmarkingane, derimot, kunne knapt nok ha importert noko og måtte byrja som ein fattig landbruksnasjon og freista å byggja opp verksemder som kunne gje dei litt valuta­inntekter. Levestandarden ville ha gått ned med 70–80 prosent over natta.

Ingen tenkjer slik i Noreg
Ingen i Noreg tenkjer slik: Noreg er ikkje i nærleiken av oppløysing, og nasjonalsolidariteten er så stor at korkje sunnmøring­ar eller hedmarkingar i det heile teke er klare over at sunn­mø­ring­en gjev og hedmarkingen får.

Attende til grekarane: Kor lite eller mykje har grekarane og dei kriseråka landa fått frå dei gjerrige tyskarane? I 2012 åleine gav Den europeiske sentralbanken nye overføringar til sør på 10.000 euro per innbyggjar i internasjonal kjøpekraft. ESB kunne gjera dette av di nord­europearane eksporterer så mykje. Hadde EU ikkje vore ein pengeunion, kunne nordeuropearane ha halde på denne kjøpekrafta sjølve. Litt enkelt sagt: Det vart trykt mykje meir euro i sør enn det eksporten til sør skulle tilseia. Det tyder at særleg Bundesbank har bygt opp enorme fordringar i Sør-Europa. Over tid er meininga at balansen mellom dei ulike sentralbankane i EU skal verta utjamna. Men det skjer ikkje: For kvart år som går, får Sør-Europa og særleg Hellas stadig meir kjøpekraft frå nord. Kvar gong den greske sentralbanken trykkjer euro, vert alle dei andre landa i nord mindre velståande. Går Hellas ut av euroen, er alle desse pengane som ESB har late

Den greske nasjonalbanken trykkja, tapte. «Tyskland har tjent på euroen; grekerne og flere andre har tapt», skriv likevel Stav­anger Aftenblad.

I tillegg kjem pengane som tyske spararar har lånt til sør og til Hellas utanom ESB. Alt no har tyske bankar, spareinstitusjonar og forsikringsselskap skrive av nær 336 milliardar euro, eller vel 3000 milliardar kroner. Dette er pengar dei tyske spararane og pensjonistane aldri vil sjå att.

På toppen kjem dei direkte låna som Hellas har fått frå dei andre EU-landa. Så langt er dette om lag 3000 milliardar kroner; etter denne nye avtalen skal dei få 650 milliardar til. Legg vi så til det dei har fått av ESB i likviditet, som Hellas ikkje har pant for, har grekarane fått om lag 5000 milliardar frå EU, som svarar til utgiftssidene til fem norske stasbudsjett. Den klårt største delen av desse pengane har dei fått frå Tyskland. Då skulle det seia seg sjølv at Angela Merkel og Tysland er livredde for at Hellas går ut, for det vil tyda at Tysland taper over ein billion og i tillegg må tilføra ESB ny kapital, sidan ein gresk retur til drakmen vil føra til at ESB går konkurs grunna tap av eigenkapital.

LES OGSÅ: – Europa har eit grunnleggande demokratisk problem

De skal få verta
Men nei, under tingingane mellom IMF, ESB, EU og Hellas natt til den 13. juli, då den siste hjelpepakka på 80 milliardar euro vart vedteken, tilbaud Tyskland og fjorten andre euroland gjeldslette om Hellas ville ut av euroen. Dette tilbodet kom frå dei same landa som visste at dei ville tapa 5000 milliardar kroner på ein grexit.

Kunne så Tyskland og dei andre EU-landa ha gjort endå meir for Hellas? Etter at Hellas reelt sett gjekk konkurs og EU tok over gjelda dei hadde pådrege seg, har BNP gått ned med 25 prosent, eller om lag 500 milliardar kroner. Men også då Hellas gjekk konkurs i 2010, var arbeidsløysa høg. Om ein skal få i gang Hellas med såkalla stimuleringstiltak gjennom å få i gang etterspurnaden, må nok Hellas verta gjeve minst 1000 milliardar i direkte overføringar for å få økonomien i gang att etter keynesiansk modell. Desse 1000 milliardane kvart år på toppen av dei 5000 milliardane dei har fått før, måtte då vorte finansierte av europeiske skattebetalarar. Noko slikt er ein fantasi, også dei andre EU-landa er demokrati.

Før krisa var handelsbalansen på minus 15 prosent av BNP. Det tyder at for kvar tiar ein gjennomsnittsgrekar bruka, var 1,50 lån frå utlandet. Eit så stort underskot er uvanleg høgt og sette vanlege grekarar i gjeld. I tillegg hadde også statsbudsjettet eit underskot på 15 prosent av BNP. Pengane til å dekkja dette underskotet kom også frå utanlandske låntakarar. No skal det seiast at Hellas fint kunne ha fjerna underskotet på statsbudsjettet om skattesystemet hadde fungert. Kvart år, viser mange overslag, svindlar grekarane staten for minst 300 milliardar kroner.

LES OGSÅ: Gresk tragedie

Alt som før
Sagt på ein annan måte: Ei årleg overføring på 1000 milliardar ville vera å lata grekarane halda fram som før, som eit land med lite eksportindustri og med altfor høge løningar. Grekarane og polakkane er om lag like produktive. Men polakkane har balanse på statsbudsjetta, ei berekraftig gjeld og overskot på handelsbalansen med utlandet. Likevel er det greske lønsnivået dobbelt så høgt som det polske. For å seia det rett ut: Det er politisk umogeleg for dei andre landa i EU å gje Hellas ei så grov særhandsaming som det ville vera å gje dei 1000 milliardar kroner i året ekstra, og som òg vil vera ein garanti for at ingenting vert endra i Hellas.

I kva grad det greske demokratiet er knust, er vanskeleg å svara på. Men EU har gjeve dei 5000 milliardar kroner og gjeve Hellas høve til å gå. Det er grekarane sjølve som seier nei til å gå ut og få avskrive ei skuld på 5 billionar.
Til slutt vil vel nokon seia at Tyskland likevel har tent på euroen gjennom å få ein svakare valuta enn den tyske marka som så har tydd at Tyskland har kunna eksportera meir. Ja, Tyskland har overskot på handelsbudsjettet, men det tyder at tyskarane konsumerer mindre enn dei kunne ha gjort – altså at dei har ein lægre levestandard grunna euroen. Sidan 1995 då eurokonverteringa byrja, har Tyskland hatt ein økonomisk vekst på 26 prosent mot 29 prosent i gjennomsnitt for eurosona. Ei særleg god kjelde her er boka The Euro Trap av den tyske økonomen Hans Werner Sinn. Han fortel at sidan rentenivået var høgre i andre land, så overførde tyske spararar 580 milliardar euro, eller 60 prosent av sparepengane til andre land, pengar som i stor grad har gått tapt. Den kapitaleksporten førde til full stopp i tyske investering­ar heime og store tyske investe­ring­ar i bustadbobler i Spania og Irland og andre stader.

Absurd
Sinn hevdar det er absurd å høyra skuldingar om det fæle tyske overskotet på kapital­balansen i ljos av at det nettopp var tyske pengar som gjorde at Spania og Irland investerte av garde, fekk langt fleire i arbeid og vart svært mykje rikare i prosessen. Tyskarane kan neppe skuldast for å vera gjerrige når dei gav så store lån til Hellas, Spania og Irland, pengar som no er tapte. Sidan det var lite kapital i Tyskland fram til 2007, vart det investert svært lite heime, og difor måtte lønsnivået ned for at tyskarane skulle koma seg ut av den høge arbeidsløysa. Men då krisa kom 2008, og sparinga atter gjekk føre seg i Tyskland, kunne Tyskland endeleg gjennomføra heilt naudsynte investeringar heime.
Summert opp: Tyske småspararar har tapt 336 milliardar av sparepengane, tysk vekst har vore lægre og eksportindustrien vore for stor, som igjen gjer at tyskarane ikkje fekk den velstandsveksten dei kunne ha fått utanom euroen. Altfor mange arbeider i eksportindustrien i staden for å yta tenester i heimemarknaden. I framtida ventar endå større tap av kapital i utlandet.

Om vi ser tilbake til oppstarten av euroen: Tyskland ville ikkje ha han, heile sør ville ha han. For same kor mykje grekarane slit, veit dei at med løningar i euro er levestandarden mykje høgre enn utanfor euroen. I staden for å seia at Tyskland knuser gresk demokrati, kan vi kanskje spørja om greske demokratar veit kor venlege Tyskland har vore mot dei. Eit klårt fleirtal i EU ville i juli hiva ut Hellas, men då Hellas sa nei, aksepterte dei viljen til Hellas. Om noko burde Omdal skriva at Schaüble både er ein snill og ukorrupt mann.

Først publisert i Dag og Tid.