Slik kan du unngå å bli flau

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frykt for å komme i ein flau situasjon kan hindre oss i å gjere alt frå daglegdagse ting, til å gå til legen for å få livsviktige undersøkingar og behandling.

– Sjenanse hindrar oss i å spørre om råd, til dømes om den veksande haugen av ubetalte rekningar, eller uplanlagd graviditet. I mange tilfelle, om vi skal hjelpe oss sjølv eller andre, må vi overkomme frykta for å bli flaue i sosiale situasjonar.

Det forklarar forskar Li Jiang frå Carnegie Mellon University i ei pressemelding frå springer.com. Studieen til Jiang ser på korleis ein kan unngå å bli flau.

Testa i flaue situasjonar

I den første studien testar Jiang responsen til forsøkspersonar som må sjå på ein reklamevideo der nokon er uheldig og fjertar i ein yogatime.

I den andre studien testar dei deltakarane sine reaksjonar der nokon blir testa for seksuelt overførbare sjukdommar. Det er gjennomført fleire liknande forsøk.

Målet med studiane var å teste ein idé: nemleg at det å sjå seg sjølv og situasjonen utanfrå kan redusere sjenansen.

Eitt av funna er at folk som er ekstremt sjølvmedvitne når dei er ute blant folk, i større grad tar deltakaran sitt perspektiv i ein flau situasjon. Dette gjeld også når dei ikkje er del av situasjonen, som når dei ser ein flau situasjon i ein reklame.

Studien viser også at dei som klarer å sjå seg sjølv som ein observatør, heller enn ein deltakar, får redusert stress i flaue situasjonar.

Betre marknadsføring

Jiang meiner resultata kan ha verdi for marknadsførar, som ofte nyttar flaue situasjonar i marknadsføringa for å få folk til å kjøpe produkta sine.

– Forskinga vår er relevant der marknadsførarar vil verne forbrukarane mot ei frykt for sjenanse, og oppfordre dei til å handle slik dei elles ikkje ville gjort, seier Jiang.