Nasen din blir breiare på selfies

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 12.03.2018 09:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge vaksne tar heile tida bilde av seg sjølve for å poste på sosiale medium. Dei trur bildene viser dei slik dei faktisk ser ut, og det kan påverke korleis dei føler seg.

Det seier Boris Paskhover i ei pressemelding frå Rutgers New Jersey Medica School, der han spesialiserer seg på ansiktskirurgi.

Brukar selfie for å få operasjon

Pasientane hans har ofte brukt selfiar som døme på kvifor dei treng kirurgi for å gjere nasen mindre.

Me vert bombardert med «selfies» på sosiale medier, det kan gå på sjølvbiletet laus. Illustrasjonsfoto: Henry Shi, Flickr Cc-commons

Ein amerikansk rapport viser at heile 55 prosent av plastiske kirurgar i USA har fått førespurnad om kirurgi slik at pasientane kan ta betre selfies.

– Eg vil at dei skal forstå at det å ta ein selfie i praksis er det same som å sjå inn i ein vrengespegel, seier Paskhover.

30 prosent breiare

Paskhover og forskarar ved Stanford University har laga ein matematisk modell som viser kva som skjer når ein tar bilde på nært hald.

Modellen viser at ein gjennomsnittleg selfie gjer naseryggen 30 prosent breiare. Nasetippen blir sju prosent breiare. Eit kamera treng ein avstand på om lagt 1,5 meter for å vise ansiktet korrekt. Selfiar er derimot tatt frå om lag 30 centimeter og vrenger ansiktet.