Noreg har færrast tenåringsabortar i Norden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2016 til 2017 var det ein nedgang frå 7,6 til 6,3 abortar per 1.000 tenåringar her i landet. Talet på svangerskapsavbrot blant tenåringar går stadig ned og er det lågaste sidan opprettinga av Abortregisteret i 1979.

– Ungdomskulla etter 2006 er blitt flinkare til å beskytte seg mot uønskte svangerskap, blant anna har vi sett ein endra prevensjonsbruk. Dei tar den åtferda med seg inn i vaksenlivet, seier overlege Mette Løkeland i Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Ho trur det er fleire årsaker til nedgangen.

– Dei siste 15 åra har det vore ei sterk utbygging av helsestasjonar for ungdom. Prevensjonsmiddel har dessutan blitt billigare på grunn av statlege subsidiar. I 2015 vart spiral og p-stav inkludert i denne ordninga, seier Løkeland.

I 2017 vart det i alt utført 12.733 svangerskapsavbrot i Noreg. 95,7 prosent var sjølvbestemte og 81,2 prosent var gjort før niande veke. Nesten ni av ti abortar blir no gjennomført med medikament.

I 2016 vart det utført 13.169 abortar i Noreg, mens talet var 14.001 i 2015.