Stor finsk undersøking punkterer abortmyte.

mm

Undersøkinga, som er gjort ved Helsingfors universitet, har følgt dei om lag 29 000 kvinnene som blei fødde i Finland i 1987. Av dei som blei gravide før fylte 18 år, valte om lag tusen kvinner abort, og knapt 400 fødde barnet. Forskarane finn ikkje noko samband mellom abort før fylte 18 år og psykisk uhelse i ung vaksenalder for finske kvinner, ifølgje ein artikkel i Hufvudstadsbladet.

Konklusjonen støttar opp om tidlegare forskingsfunn, seier Anna Heino ved det finske Instituttet for helse og velferd (THL) til avisa. Ho peikar på at det likevel er eit utbreidd argument mot abort at det aukar risikoen for psykisk uhelse i ettertid.

– Det er viktig at sambandet har blitt undersøkt. Vonleg påverkar forskingsresultata både samfunnsdebatten og menneske sine oppfatningar om abort, seier Heino.

Undersøkinga viser også at både dei som valte abort og dei som bar fram barnet hadde ein svakare sosioøkonomisk stilling samanlikna med dei som ikkje hadde blitt gravide i tenåra. Heino meiner ulikskapane talar for at ungdom burde få tilbod om gratis prevensjonsmiddel.

– Dei unge er ofte i ein veldig ulik posisjon når det gjeld å skaffa prevensjonsmiddel. Ein del unge kan be foreldra sine om pengar, medan det ikkje er ein moglegheit for andre, seier forskaren til Hufvudstadsbladet.

LES OGSÅ: Færre og færre norske tenåringar tar abort. Flest gjer det i Nord-Noreg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE