I år er faren større for å bli snøblind
Dei store snømengdene mange stader, også i låglandet, aukar risikoen for å bli snøblind i påska.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I år er det snø i mykje større delar av landet enn det som er vanleg på denne tida. Dermed er det ikkje berre på fjellet ein må beskytte seg mot UV-stråling, men også i låglandet, seier forskar Terje Christensen i Statens strålevern i ei pressemelding.
Refleksjon frå snøen kan nesten fordoble UV-nivået samanlikna med bar mark. Lett skydekke og snødrev kan gi sterkare stråling enn klarvêr.
Brenner bort cellelag
– Sterk sol kan brenne bort det øvste cellelaget på auget. Då blir du det vi kallar snøblind, og det er svært vondt, seier generalsekretær Hans Torvald Haugo i Norges Optikerforbund.
Symptoma kjem gjerne 6–12 timar etter at du har vore utsett for sterk sol utan å ha beskytta auga godt nok.
– Det kjennest som du har sand eller rusk i auga, utan moglegheit til å få det bort. Tårene renn og det er vondt å sjå i lyse omgivnader. Mange har sterke smerter i auga. Uklart syn, som kan opplevast som dobbeltsyn, er heller ikkje uvanleg, seier Haugo.
– Bruk solbriller
For å redusere risikoen for å bli snøblind, kan du leggje skituren til morgon eller kveld. UV-strålinga er vanlegvis sterkast mellom klokka 11 og 15 på dagen.
- LES OGSÅ: Påskegodt for språkelskarar
Men det viktigaste tiltaket mot å bli snøblind er å bruke solbriller.
Dersom du skulle bli snøblind, kan du trøyste seg med at det går over. Men dersom problema er store, bør du ta kontakt med lege.