Påskegodt for språkelskarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Myten om at det norske språket er ordfattig, bør no for alltid vera motbevist, slår hovudredaktør Oddrun Grønvik ved Universitetet i Oslo fast.

Ordboka dokumenterer nettopp det rike ordtilfanget i norsk. «Påskegrauten» stammar frå Hvaler og blei ifølgje ordboka laga av risgryn med mandlar, rosiner og strimlar av flesk. Han blei kokt onsdag før skjærtorsdag, skoren opp og eten som pålegg på brød.

«Påskesykje» skal ein derimot passa seg for – ho finst hos hestar i Nord-Trøndelag som har stått i ro i fleire dagar, gjerne i påskeveka.

Men å «gå i påskeås» er vakkert. Uttrykket er frå Vestfold og betyr å gå opp på ein høg ås i bygda for å sjå soloppgangen første påskedag.

Ingen meir verdt enn andre

Boka stiller dialektar, munnleg og skriftleg språk likt. Ho seier ikkje noko om verdien av orda – anten dei blir brukt i daglegtale, i aviser, etermedia eller i litteratur. På den måten skil ho seg klart frå ordbøker elles i Europa.

– Eit hovudpoeng i stortingsmeldinga om språk frå 2007– 2008 var at boka skulle ha relevans for alle som brukar norsk språk, seier språkdirektør Åse Wetås til NTB.

Som prosjektdirektør for Norsk Ordbok i fleire år blei ho fascinert av korleis ord som folk trur er heilt lokale, går att frå bygd til bygd. Til dømes «smøyestol», som betyr hempe, lykkje eller ein ring ein trer eit belte eller noko anna gjennom. Viss du klikkar på ei snakkeboble, kjem det fram at ordet blir brukt på Romerike, i Hardanger, på Sunnmøre og mange andre stader, i lokale variantar.

Adjektivet malisiøs, opphavleg fransk, lever i Valdres som «malikjøsk», medan Rana-væringar seier «malisjyrs». I Leksvik seier dei «mallisjørp», medan du i Skjåk og Lom i Gudbrandsdalen kan høyra «manisjærsk».

Det tolvte bandet av Norsk ordbok frå Det Norske Samlaget med i alt 330.000 ord. Men det finst ei digitalisert utgåve med «berre» 220.000 ord. Kjekt å kosa seg med på hytta i påsken. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Kortliva slang ikkje med

Slang er ikkje vigd stor plass, seier Wetås.

– Slang har ein tendens til å bli fort utdatert. Det vi sa då vi var unge, forstår barna våre ikkje noko av lenger, seier ho. Noko slår likevel rot:

– Ordet «konge» har tre tydingar: Monark, byll og eit adjektiv som betyr veldig bra, strålande, fantastisk.

Norsk Ordbok har ei eiga Facebook-side. Der haglar ønska om at alt må bli søkbart på nett, og krav om ei meir moderne rettskriving. Sidan arbeidet med ordboka starta i 1930, følgjer store delar av den rettskrivinga frå 1938.

Alt må på nett

Berre 220.000 av 330.000 ord er digitaliserte, men målet er at alt skal på nett, ikkje minst av omsyn til oppdateringar.

– Då kan ordboka oppdaterast tematisk, ein treng ikkje gå gjennom bokstav for bokstav. Til dømes kan vi språkvaska alt som har med bil å gjera. Eller gå gjennom alt av IT-stoff, seier direktøren.

Moderne ordbøker må vera dynamiske, seier ho, dei blir aldri ferdige.

Hovudredaktør Oddrun Grønvik meiner ein sentral driftsorganisasjon må sikrast gjennom lovverket, slik at det framtidige arbeidet med ordboka blir føreseieleg. Ho har rekna ut at det må til sju personar som arbeider over ti år – altså 70 årsverk – for å få digitalisert og revidert resten. Det er ein enorm jobb.

– Men det må til. Folk ventar allereie no at feil blir retta innan ei veke. Og det forstår eg godt! Då må heile verket liggja i databasar, seier ho.

Når det kan skje, og om det blir løyvd nok pengar, er førebels i det blå. (©NPK)