Daniel Kvammen går 20 mil for å spele i påska
I løpet av påska skal Daniel Kvammen gå til saman 186 kilometer for å spele på seks hytter i fjellheimen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På turen skal Kvammen innom seks hytter i to fjellområde, med ein avstand på 186 kilometer. Med fjellskia på og pulken lasta med gitar og konsertutstyr tek han fjellheimen fatt i påska for ein heilt spesiell turné i Skarvheimen og på Hardangervidda, melder Den Norske Turistforeininga.
– Dette blir det råaste eg har gjort på lenge, seier Kvammen i eit intervju med DNT.
– Noregs eigen luksus-takterasse
Artisten fekk ideen til turneen då han gjekk tur på Hardangervidda i fjor:
– Det er Noregs eigen luksus-takterrasse. Verdas finaste plass! Dette oser jo av ei idyllisk konsertoppleving utan like. Rett inn i villskapen, fortel artisten.

Daniel Kvammen skal gå til saman 20 mil, frå konsert til konsert i påska. Foto: Daniel Kvammen skal turnere fjellheimen i påska. Foto: Signe Luksengard
– Å kunne tilby kveldskonsertar med ein av dei mest populære artistane i Noreg til hyttegjestene er ei kjempefin markering i eit jubileumsår, seier kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øinæs Habberstad. I år feirar DNT 150 år.
- Les også: Jarle Bernhoff spelar for berekraftmåla
Går heile påska
Daniel Kvammen går frå Geiterygghytta midt i Skarvheimen 25. mars, før han held siste konsert på Haukeliseter, sør på Hardangervidda, 1. april.
Med på turen som bærar, vegvisar og sikkerheitsansvarleg, er AK Glück-Teigland, dagleg leiar i Hardanger åtgaum AS. Norsk Tipping er også med som samarbeidspartner.
Totalt skal Kvammen halda 6 akustiske konsertar på ulike betjente DNT-hytter.
– Me ynskjer Daniel Kvammen hjarteleg velkomen til Litlos og lovar å ta godt vare på han, slik me gjer med alle påskegjestane våre. Han skal få kortreist mat, ei varm seng å sova i og ikkje minst, få kjenna på den gode påskestemninga ein får i ei DNT-hytte på høgfjellet, seier vertskap Jarle Viskjer.
- Les også: Intetskjønn analyserer «Kuk og fitte».