I desse fylka trivst Karius og Baktus best
Norske tenner blir friskare og friskare, men Karius og Baktus trivst litt betre i enkelte delar av landet. Helsedirektoratet vil gjere tannhelsetilbodet likare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er framleis geografisk skilnad i unge si tannhelse. Det viser dei siste tala frå SSB.
Oversikten viser at 18-åringane i Finnmark i snitt har 4,2 tenner som er utsett for karies. I Hedmark er talet 2,5.
– Det er geografiske skilnadar i tannhelse blant barn og unge, men vi kan ikkje seie kor store variasjonane er ut frå statistikken som ligg føre.
Det seier seniorrådgjevar Ragnhild Elin Nordengen i Helsedireltoratet
Ho forklarar at innkallingsrutinane i fylka er ulike. I nokre fylke er tannhelsedata basert på alle ungdommane i aldersgruppa, medan det i andre fylke er basert på 60-70 prosent av kullet.
– I eit mindre utval er det truleg ein høgare del med dårleg tannhelse enn samanlikna med heile årskullet, seier ho.
Skilnadane er mindre enn før
Også tannlegeforeininga meiner at statistikken som fylka rapporterer til SSB er for dårleg til å trekke konklusjonar, anna enn at tannhelsa er blitt betre.
– Det viktigaste ein kan tolke ut frå tala er at likskapane er meir slåande enn ulikskapane, seier Øyvind Asmyhr, fagsjef i Norsk tannlegeforeining (NTF).
– Om vi går nokre tiår tilbake var det svært store geografiske skilnader. Desse er nesten utjamna no, seier han.
Asmyhr ønsker seg betre og likare rapportering. Han meiner også at tannhelsa no er så god at ein må rette tiltaka særskilt mot dei gruppene som trekk statistikken ned.
– Det vil seie at folkehelsearbeidet som blir utført av tannhelsetenesta krev tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell og eventuelt andre aktørar som kan bidra til å påverke tannhelsa, seier han.
Vil ha likare tannhelse
Nordgren og Helsedirektoratet har tenkt liknande tankar. Ho viser til skilnadane på førebyggande tiltak, behandling og samarbeid med helsestasjonen og helsetenesta elles.
– Helsedirektoratet er i gang med å utvikle ei nasjonal fagleg retningslinje for tannhelsetenester for barne og unge. Første del er planlagt publisert i månadsskiftet juni-juli i år, og andre del neste år. Målet er meir likskap i tenestetilbodet og tannhelsa.
Nedanfor ser du kart for 5-åringar og 12-åringar.
Tannhelse
- Statistikken viser tenner med karieserfaring, noko som betyr at ei tann har fått eller treng behandling.
- Tala er rapporterte frå fylkeskommunane til SSB.