SSB: – Betre tannhelse gjer at det er mindre behov for tannlegar

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På midten av 70-talet var det meiningsfylt å snakke om tannløyse som mål på tannhelse, men i dag har 24 prosent av 18-åringane null hol og talet på fyllingar er i snitt 3,7 seier tannlege Carl Christian Blich til NRK.

Tannlegen vil ikkje skremme nokon frå å starte på tannlegestudiet, men meiner at talet på studieplassar innan odontologi må reduserast.

– Eit så spesialisert fag krev mengdetrening for å halde seg god, og det vil bli vanskelegare å halde oppe treninga når fleire og fleire tannlegar deler på færre og færre oppgåver, seier han til kanalen.

Veit ikkje om framtida

Tannlegeforeningen derimot, vil ikkje støtte at talet på studieplassane i Noreg blir kutta. Dei meiner at ein ikkje kan vite kva slags behov pasientane i framtida har.

– Nye grupper vil framleis trenge tannbehandling, blant anna eldre. Vi lever lenger og beheld våre eigne tenner. Dei som overlever kreft, får ofte også problem og smerter i munnhola, og vil trenge behandling. NTF er derfor opptatte av at utdanningane må tilpassast behova til samfunnet og pasientane, seier Camilla Steinum, president i Tannlegeforeningen til NRK.

Forskar i SSB Nils Martin Stølen meiner at det ikkje vil vere nok å gjere fram i tid og at undersøkingar viser at tannlegar allereie har for få pasientar. Han etterlyser nye og meir presise framskrivingar på kor mange tannlegar vi faktisk vil trenge.

– Berre 15–20 år i framtida vil det vere heilt annleis. Då vil dei med stort reparasjonsbehov vere borte.