Gonoré og syfilis aukar framleis i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utviklinga for dei to sjukdommane har lenge vekt bekymring hos helsestyresmaktene. For 20 år sidan kunne Tidsskrift for norsk legeforeining informere om at gonoré var nesten utrydda. Syfilistilfella var sjeldne. Sidan då har smitten auka år for år, trass i åtvaringar og varsku frå styresmaktene.

Tal frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) ved Folkehelseinstituttet, viser at det i fjor vart registrert 1.399 tilfelle av gonoré og 223 tilfelle av syfilis i Noreg, ein auke frå 1.096 og 188 i 2016.

Ein kraftig auke dei siste ti åra

Det har vore ein kraftig auke dei siste ti åra, frå 238 gonoré-tilfelle og 61 tilfelle av syfilis i 2007.

Både syfilis og gonoré var mykje meir utbreidd i Noreg for 40–50 år sidan. Frå tidleg i 1960-åra auka det årlege talet på melde tilfelle av gonoré i Noreg. Rundt 2.000 tilfelle av gonoré vart meldt inn per år på 60-talet, og talet auka til det nådde over 14.000 tilfelle i 1975.

Gonoré er ein infeksjon som smittar frå person til person under samleie og ved oralsex. Den kan føre til alvorlege helseproblem, men er lett å behandle.

Syfilis smittar også ved seksuell omgang. Sjukdommen var spesielt utbreidd fram til 1950-talet, då talet på smittetilfelle vart kraftig redusert. Syfilis lar seg lækje med penicillin, men ubehandla kan det gi livslang og alvorleg sjukdom.