Vil gje gratis prevensjon til dei under 16

Fagfolk og ungdomspartia vil ha gratis prevensjon til ungdom under 16 år. No må dei betale sjølv, medan ungdom mellom 16 og 20 får gratis eller billig prevensjon.

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gje gratis prevensjon til dei under 16

– Det er snakk om ei lita gruppe, men om det kan forhindre at ei jente på 15 år vert gravid, så meiner vi det er positivt og gledeleg, seier assisterande dagleg leiar i Sex og samfunn, Tore Holte Follestad, til NRK.

Han trur ikkje det fører til meir sexpress blant unge.

– Vi tenkjer heller at tilgang på prevensjon også gir tilgang til helsevesenet. Unge jenter som er utsett for seksuell aktivitet eller press frå personar dei ikkje ynskjer å vere seksuelt aktive med kan trenge eit ekstra incentiv til å ta kontakt med helsevesenet på, seier Follestad.

Éi av tre brukar hormonell prevensjon

Sex og samfunn har skrive under eit opprop saman med jordmorforeiningar, Landsgruppa av helsesøstre og fleire av ungdomspartia. Der går dei inn for at ungdom under 16 skal få billig eller gratis prevensjon, slik dei i aldersgruppa 16–20 får. No må dei under 16 år betale full pris.

I 2016 fekk 335 000 kvinner i alderen 15-44 år utlevert minst eitt prevensjonsmiddel basert på kjønnshormonar. Dette utgjer 33 prosent av kvinnene i aldersgruppa.

P-piller er framleis den mest vanlege hormonelle prevensjonen, men dei siste seks åra har fleire tenåringar og unge vaksne byrja med langtisdsverkande prevensjon som p-stav.

Ser på regelverket

Politisk rådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet, Mathilde Tybring-Gjedde (H), seier til NRK at departementet ser på regelverket.

– Eg meiner det er eit viktig opprop. Eg skjønar at det verkar urimeleg at unge under 16 år må betale full pris for hormonell prevensjon.