Studie: Valdelege spel gjer deg ikkje aggressiv

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 19.03.2018 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vaksne blir ikkje meir aggressive av å spele valdelege spel i lange periodar, seier Simone Kühn og dei andre forskarane i ei pressemelding frå springer.com.

Kühn har utført den første studien som har gått over lang tid. Det har ho gjort saman med forskarar frå Max Planck Institute for Human Development og University Clinic Hamburg-Eppendorf i Tyskland.

Spelte data i to månader

Tidlegare studiar har vist at nokre få minutt med valdelege spel kan påverke aggressivitet og viljen til å hjelpe andre.

No meiner Kühn at slike resultat i stor grad kan komme frå måten studiane var lagt opp på. Den nye studien finn inga kopling mellom valdelege spel og auka aggresjon hos vaksne.

Illustrasjonsfoto: Unsplash / Glenn Carstens Peters

I Kühn sin studie blir målingar av aggresjon i samband med langvarig speling av valdelege spel, samanlikna med å spele eit livssimulatorspel (The Sims), og det å ikkje spele spel i det heile.

77 deltakarar vart delt inn i tre grupper. Den første gruppa spelte Grand Theft Auto V dagleg i to månader. Den andre gruppa spelte The Sims 3 dagleg i to månader. Gruppe tre spelte ikkje spel i det heile over ein periode på to månader.

Håpar på betre spel-debatt

Aggresjonsnivået vart målt både før og etter dei to månadane. Aggresjon, empati, impulsivitet, angst og humør var nokre av eigenskapane Kühn testa med ulike metodar.

Forskarane kunne ikkje finne nokon vesentleg skilnad på endringar i eigenskapane. Særleg var det lite endring i aggresjonsnivået, noko som gjaldt alle gruppene.

Kühn håpar studien kan vere med å gjere debatten om dataspel meir realistisk.

– Den amerikanske psykologforeininga har nyleg laga eit samandrag av tidlegare forsking på valdelege dataspel. Her blir det antyda at spela utgjer ein risiko for uheldige utfall, som mellom anna aggresjon og redusert empati. Våre funn går heilt klart i mot ein slik konklusjon.

Kor aggressiv har du blitt av dataspel?

Kor aggressiv har du blitt av dataspel?

Får knapt over kvilepuls7
Har blitt høgrøysta10
Har slengt ting i golvet88
Har klikka fullstendig4
Svar totalt: 109