Ho trur ACER kan skada Hydro sin industri i Årdal

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årdal: – Me meiner at fossekrafta vår skal brukast i utviklinga av Noreg. Fossekrafta skal gå til den norske industrien heller enn å verta ei eksportvare i EU-marknaden, seier leiaren for Senterungdomen i Sogn og Fjordane, Hilde Horpen.

Difor meiner ho styringa av norsk energipolitikk må tilhøyra det norske folket og ikkje EU.

– EU vert øvste energimynde i landet om me går inn i ACER. Kraftkrevjande industri som den til Hydro her i Årdal vil verta råka, seier ho.

Horpen trur nemleg ikkje EU ynskjer å styra norsk energipolitikk i samsvar med norske interesser.

– Fri flyt over landegrensene, og dyrare straum

– Dei ynskjer fri flyt av energi over landegrensene og me vil få dyrare straum. Straumprisane vil verta styrte av EU, der prisane er høgare. Dermed fell eit konkurransefortrinn for industrien vår vekk, seier Horpen.

Ho trur òg at landet vil tapa økonomisk på dette, ettersom den energikrevjande industrien står for ein vesentleg del av norsk eksport.

– Og med ACER-medlemskap kan me mista tusenvis av industri-arbeidsplassar i heile landet, seier Horpen.

Ho fryktar òg at me ved å leggja oss under energitilsynet vil påleggja oss å byggja fleire straumkablar til utlandet, og påleggja oss å selja krafta til høgstbydande, anten kraftkjøparen er i inn- eller utland.

– Krafta i vatnet er ein viktig ressurs, og me må bevara vår energi, slik me har gjort i alle år. Og ikkje gje alt til Brussel. Det vil få alvorlege konsekvensar.

– Eg er ikkje motstandar av samarbeid

Hilde Horpen synest det er «uforståeleg» at me er på nippet til å verta med i denne unionen, ettersom det er «råderetten til ein viktig ressurs» som står på spel.

– Denne ressursen har me nytta oss godt av, og eg ser difor ikkje ein einaste grunn til at me bør gje EU styring over krafta.

– Ynskjer du ikkje at Noreg skal samarbeida med landa i Europa om å byggja ein felles energipolitikk til beste for alle partar?

– Eg er ikkje motstandar av samarbeid. Men eg er i mot at me skal gje frå oss suverenitet til EU.

– Men det vert sagt at medlemskap av energibyrået ikkje inneber at EU tek over energipolitikken vår. Korleis kan du vita at me mistar råderett over vasskrafta ved å gå inn i ACER?

– Me kan ikkje vita korleis det vert når me gjev ifrå oss suverenitet. Då er det jo ikkje me som bestemmer. Me risikerer å i framtida måtta fylgja vedtak frå ACER eller EU-kommisjonen, uansett kva for unnatak dei seier no at me skal få inn i avtalen, seier Horpen.

Ho meiner noko av det som verkeleg kjenneteiknar Noreg no står på spel, nemleg kraftrikdomen og låge straumprisar.

– Difor har me har alt å tapa på at EU skal ha kontroll med vår energipolitikk, og eg fryktar for norsk velferd og næringsliv, seier Horpen.

Hydro deler ikkje Hilde Horpen si frykt. Positive til ACER

Informasjonssjef i Hydro, Øyvind Breivik (biletet), opplyser at Hydro ser på det som positivt at regjeringa vil ta Noreg inn i ACER.

– Me deler synspunkta til Norsk Industri i denne saka, seier han.

Helsar ACER velkome: Øyvind Breivik og Hydro er positive til regjeringa sitt initiativ til å ta Noreg med i ACER, den tredje og hittil siste delen av EU-sitt energisamarbeid.

Helsar ACER velkome: Øyvind Breivik og Hydro er positive til regjeringa sitt initiativ til å ta Noreg med i ACER, den tredje og hittil siste delen av EU-sitt energisamarbeid.

Norsk Industri ynskjer at Noreg vert lagt innunder energitilsynet. Dei viser til at Noreg alt er ein del av den felles nordiske kraftmarknaden Nord Pool. Denne kraftmarknaden er igjen integrert med kraftmarknaden i EU-landa, seier Breivik.

Norsk Industri er arbeidsgjevarorganisasjonen til industrien i Noreg, og høyrer innunder Næringslivets Hovedorganisasjon, (NHO).

Korkje Norsk Hydro eller leiarane for den same industrien som Horpen fryktar at vil verta skadelidande i ACER, deler altso frykta hennar.

– Me meiner det er betre å påverka frå innsida for å sikra NVE best moglege føresetnader for gjennomslag for norske synspunkt i kraftsamarbeidet med Europa.

– Men NVE står per i dag fritt til å føra den politikken som dei får mandat frå Stortinget til å setja i verk?

– Dersom Noreg går i mot implementeringa av ACER, so er det uvisst kva som skjer. Difor er det betre å vera med inn i systemet for å sikra best mogleg gjennomslag for norske synspunkt. Vert me medlem i ACER, so kan NVE få best mogleg gjennomslag for sine syn.

Avviser at ACER vil kunne tvinga Noreg til å byggja nye kraftkablar

Breivik seier vidare at han har registrert at mange i den offentlege debatten argumenterer med at Noreg vil gje frå seg sjølvråderetten med bygging av kablar, og at fleire kablar til utlandet vil gje høgare straumprisar i Noreg.

– Men slik me ser det, påverkar ikkje opprettinga av Acer dette spørsmålet, ettersom det framleis vil vera norske styresmakter som må gje konsesjon dersom me skal byggja nye kablar, seier Breivik.

Han minner om at Noreg i denne stund byggjer to kablar ut av landet, den eine av dei går over havet til Skottland. Breivik meiner desse to kablane er nok i denne omgang.

– Vårt synspunkt er at me ikkje bør byggja fleire kablar ut av Noreg før me har fått evaluert erfaringane med desse to kablane, seier Breivik, og legg til:

– Frå vår side er det viktig at styresmaktene går inn for ein industri-, energi- og klimapolitikk som legg til rette for vidare utvikling av den grønaste industrien i verda, nemleg den i Noreg.

– Meiner du dermed at styresmaktene bør halda på den gamle politikken med å ha industriverk plasserte tett opp mot vasskraftkjeldene?

– Det er ikkje det denne saka handlar om. Me samarbeider alt tett med EU-land gjennom NordPool, og desse landa vil uansett vera innlemma i Acer. Men me ynskjer å satsa vidare i Noreg. Her er det grøn, konkurransedyktig kraft som gjev grunnlag for nye 100 år, svarar Breivik.

Energitilsynet ACER

  • ACER er ein ny del av ein gamal samarbeidsavtale mellom EU-land om energi. Målet med ACER er å sikra fri flyt av energi mellom landegrensene internt i EU.
  • Regjeringa går inn for at Noreg skal gå med i ACER. Men for at EU ikkje skal få kontrollen over norsk energipolitikk, går regjeringa samstundes inn for å skipa eit særnorsk organ med namn RME.
  • Dette RME, reguleringsmyndet for energi, skal liggja som eit eige organ i NVE, Norges vassdrags- og energidirektorat. NVE skal ikkje kunne gje diktat til RME.