Nei til kraftutbygging i Øystesevassdraget

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den desidert vanskelegaste kraftsaka eg har vore borti. Det har vore eit enormt engasjement og blitt lagt fram mykje dokumentasjon frå begge sider i denne saka. Vi har no konkludert med eit nei til kraftutbygging ut frå ei heilskapsvurdering, seier Søviknes til Bergens Tidende.

Han seier omsynet til natur, landskap, friluftsinteresser og biologisk mangfald har vore avgjerande for at regjeringa seier nei til utbygging.

Striden om kraftutbygging i Øystesevassdraget har gått føre seg i årevis. Naturvernarar, reiselivet og friluftsorganisasjonar har kjempa for å bevare eitt av dei få attverande, ikkje-verna vassdraga som endå renn fritt frå fjell til fjord i Hordaland.

LES OGSÅ: Det tek lang tid å reparera elvene

Øystesevassdraget ligg i eit svært populært område for turgåarar, og det er tidlegare funne raudlista artar i nedre del av vassdraget.

– Vi håper no at desse naturverdiane kan bli løfta fram som ein ny attraksjon i Hardanger. Kvamsfjella og Øystesevassdraget er ei perle for friluftsaktivitetar og har eit stort potensial for reiselivet, seier Søviknes til avisa.

LES OGSÅ: Vil ha oljefondet ut av kolkraft