Slettmeg.no: – Mørketal blant gutar som får bilde spreidd på nett
Blant sakene til slettmeg.no som handlar om nakenheit, er delen gutar rundt 20 prosent. Leiaren for rådgjevingstenesta trur det er store mørketal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi veit at begge kjønn opplever dette. Både gutar og jenter deler bilde utan samtykkje og brukar dette nærmast som eit våpen for å ta nokon, seier leiaren for slettmeg.no, Hans Marius Tessem, til NRK.
Han seier merksemda rundt jenter som blir utsette for spreiing av seksualiserte bilde, kan ha problematiske sider. Problemstillinga må ikkje bli ein diskusjon om kjønn, men om åtferd, meiner Tessem.
Mange vegrar seg for å stå fram
– Når vi stigmatiserer ei gruppe, kan mange gutar vegre seg for å stå fram eller søke hjelp, og det er veldig problematisk.
Blant sakene til slettmeg.no som handlar om nakenheit, er delen gutar i dag rundt 20 prosent, men Tessem trur det er store mørketal blant gutane.
Slettmeg.no blir drive av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) og er ei gratis råd- og rettleiingsteneste for personar som føler seg krenkt på nett.