Kvinner vert meir usikre på eigen kropp av å bruka mykje tid på sosiale medier, ifølgje forskarar.

mm

Kvar dag er dei der: Smilande vener, som nettopp er ferdig med ei hard treningsøkt, eller kosar seg på stranda på Kypros.

Facebook og særleg Instagram er fulle av slike bilete – «selfies». Desse bileta der folk strekker ut armen og knipsar eit bilete av seg sjølv – gjerne med trutmunn eller i treningspositur.

LES OGSÅ: Det heiter ikkje: selfie – no lenger 

Negativ tidsbruk
Unge kvinner er storbrukarar av sosiale medium og vert difor bombardert med desse bileta kvar dag. Tidlegare forsking har peikt på at spesielt kvinner som postar mange bilete av seg sjølv, legg mykje av sitt sjølvverd i utsjånaden. 

Ifølgje ei ferskare studie kan desse kvinnene sine «selfiar» ha negativ effekt på andre, fordi kvinner som nyttar mykje tid på sosiale medier og ser mange «selfies», ofte samanliknar seg negativt med desse.

Studien – som er gjort av forskarar ved University of Strathclyde, Ohio University and University of Iowa – er den fyrste som linkar tidsbruk på sosiale medier til dårleg sjølvbilete, ifølgje BBC. 

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress 

Verre enn reklame
Reklame og massemedia vert ofte kritisert for å fremma usunne ideal og gje vanlege folk eit dårleg sjølvbilete. Forskargruppa meiner at skrytebilete i sosiale medium kan vere enno farlegare for sjølvbiletet enn reklame, fordi det er folk me kjenner.

– Desse samanlikningane er mykje meir relevante og treff oss i større grad, men dei kan vere like urealistiske som bileta me ser i tradisjonelle medium, seier Petya Eckler, frå University of Strathclyde i Glasgow til BBC.

I studien vart 881 kvinnelege studentar spurt om sine Facebook-vanar, trenings- og kosthaldsvanar og kroppsbilete.

Forskarane fann ingen samanheng mellom eteforstyrringar og hyppig bruk av sosiale medier, men dei fann altså at mange timar på Facebook gav eit meir negativt bilete av eigen kropp.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE