Krev at skulane gjer meir mot mobbing

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag la Utdanningsdirektoratet fram nye tal som viser at over 50000 elevar blir mobba fleire gonger i månaden i norsk skule. Det er ein auke frå sist skuleår på over 2000 elevar.

– Det er skuffande tal, seier Rahman Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen til Framtida.no.

Forventar at mobbinga går ned

Chaudhry er likevel nøgd med å ha fått på plass ei ny lov mot mobbing i skulen frå i haust, og forventar at talet på elevar som blir mobba vil gå ned på sikt.

– No håpar eg først og fremst på at skulane gjer meir mot mobbing, og at dei følgjer lova.

Reagerer på ubehandla saker

Fylkesmennene hadde ved årsskiftet fått 563 meldingar om mobbing. 208 av desse sakene var ikkje ferdig behandla av fylkesmennene ved årsslutt.

– Eg håpar at Kunnskapsdepartementet følgjer opp dette, slik at desse 208 sakene blir løyst så fort som mogleg. Dette er 208 saker som gjeld elevar som har fått dårlegare liv på grunn av mobbing.

LES OGSÅ: Fortalte om mobbing – no blir han hylla av superstjernene