Anders Totland
Publisert
Oppdatert 25.08.2018 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst knapt eit tema i verda som er vanskelegare å snakka om enn sjølvmord. Det er så mørkt og vondt å tenka på, at me helst lar vera. Kven vil vel øydelegga den gode stemninga med å snakka om folk som tar livet av seg, når ein heller kan snakka om noko kjekt.

Netflix-serien «13 reasons why» har endra dette. No snakkar plutseleg alle om sjølvmord. Mykje av diskusjonen handlar likevel om det eigentleg er greitt å laga slike TV-seriar og bøker, og ikkje nødvendigvis om kva ein kan gjera for å motverka at ungdom vel å ta livet av seg.

For det finst ein grunn til at du nesten aldri har høyrt eller lese om sjølvmord før. Medan sex og nakne kroppar, som tidlegare var tabu, blir bretta ut i alle flater, er dei som jobbar i avisene og TV framleis ufatteleg forsiktige med å omtala sjølvmord. Det høyrest kanskje rart ut, men grunnen er at dei er redde for at det skal smitta.

Ikkje slik du blir smitta av influensa eller raude hundar, at du blir sjuk ei stund og så går det over. Når det kjem til sjølvmord, er det ingenting som går over. Etter døden er det ingen veg tilbake.

Det synest eg er ein utruleg skremmande tanke. Det som likevel er endå meir skremmande, er at det finst ganske mange som ikkje let seg skremma av dette. Som synest det mest skremmande av alt, er tanken på å leva vidare.

Det er her «smittefaren» ligg. Ved å høyra eller lesa om andre som tar livet av seg, kan dette framstå som ein utveg for enkelte. Ikkje som ei lett løysing. Det trur eg ikkje det finst nokon som tenker. Men ein utveg.

Når ein har det som aller verst, kan det vera heilt utenkeleg at livet kan bli betre. At det som er ufatteleg kjipt i dag, kan ha snudd om ei veke eller ein månad. Men det skjer. Kanskje tar det til og med år. Men ein dag skjer det, og då tenker i alle fall eg at det er fint å framleis vera i live.

Nokon meiner at «13 reasons why» nesten får det til å verka som om sjølvmord er noko ein burde prøva. Med den norske tittelen «13 gode grunner» er eg nesten freista til å vera samd i det. Etter å ha sett dei 13 episodane er inntrykket mitt derimot eit heilt anna.

Rett nok er det lett å leva seg inn i karakteren og lagnaden til Hannah Baker, som er ho som fortel historia gjennom kassettopptak ho gjorde før ho tok sitt eige liv. Frå hennar ståstad er det alle dei andre sin feil at ho ikkje orka meir. Det er dei som har tatt livet av henne, og det fortener dei å svi for. Meiner Hannah, som er langt meir utspekulert enn dei aller fleste i same situasjon. Så er dette også ein TV-serie (basert på ei bok), og ikkje ei historie frå røynda.

I serien tar kvar episode føre seg hendingar som kan vera utruleg vonde, både for unge og vaksne. Nokre av dei kan verka bagatellmessige, medan andre er meir alvorlege. Men, slik det også er i livet, er det summen av problema som betyr noko for Hannah.

Kan me læra noko av dette?

Hannah sitt hovudargument kjøper eg ikkje. Same kor dårleg nokon behandlar deg, er du sjølv ansvarleg for ditt eige liv.

Og måten ho straffar dei tidlegare venene sine, med å legga skulda på deira skuldrer, er meir vondskapsfull enn noko av det dei andre i serien har gjort mot henne.

Men gjennom tilbakemeldingane dei får, blir dei gjenlevande tvungne til å reflektera over viktige spørsmål. Korleis kan ein hjelpa når nokon har det vondt? Kor viktig er det å ha nokon rundt seg? Kor lite skal eigentleg til for å bety noko for andre? Kor vondt kan det gjera å bli svikta?

Dersom me no kan snakka litt meir om dette, og kanskje endåtil læra noko, har serieskaparane oppnådd meir enn 13 episodar med underhaldning. Om det i tillegg blir litt lettare å snakka om sjølvmord og vonde tankar, har me komme eit langt steg i rett retning.

Eigentleg hadde eg tenkt å avslutta denne teksten med ei liste over 13 gode grunnar til å ikkje ta livet av seg. Men som den kokken eg er, har eg kokt det heile ned til eitt punkt som dekker det viktigaste:

Livet er verd å leva. Det kan me godt snakka litt meir om.