Lærte å mobba – i kampen mot mobbing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tor Arne Johnsen har oppskrifta på det. Onsdag besøkte han Vartdal skule med framsyninga «Lær å mobbe». Her tok han føre seg alle eigenskapane ein god mobbar har.

– På eit eller anna tidspunkt i livet må du ha kjent deg som eit null. Du må vere egoistisk, noko som kjem lett for oss som bur i Noreg, og er van med å få alt vi vil ha. Du må også kunne vere slem og feig, sa Johnsen sitt alter ego på scena, 4. amanuensis dr. Gunnar Pensum.

LES OGSÅ: Her er appen som hindrar nettmobbing

Mobbeoffer
Han sette ting på spissen, brukte ein solid dose ironi, og fekk bodskapen fram.

– Det er mobbaren det er noko feil med. Ikkje personen som vert mobba.Johnsen fortel at han sjølv vart mobba regelmessig over to år då han vaks opp i Haugesund.– Eg var eit typisk mobbeoffer. Geir, ein i klassa mi, plaga meg ved å kalle meg ting og ta frå meg tinga mine. Han var også glad i å gi meg juling. Men det skjedde noko i hovudet mitt. Eg visste at det var Geir det var noko gale med, og ikkje meg. Geir øydela ingenting inni meg. Eg var heldig og tenkte rett, fortel Johnsen.

Påminning
Framsyninga ved Vartdal skule var på bestilling frå FAU. Leiar Karen Longva Buset fortel at dei såg på dette som eit godt høve til å samle foreldre og elevar under same tak, slik at alle får same input.

– Vi har nulltoleranse for mobbing, likevel veit vi at det skjer her på skulen også. Dette er ein måte å gjere alle medvitne på at alle har eit ansvar. Elevane skal oppføre seg mot kvarandre, og foreldra skal vere gode rollemodellar. Ingen skal gru seg til å gå til skulen

eller til å vere på skulen. Vi håper at dette kan vere med på å få alle til å tenke litt ekstra på kva ansvar dei har.

Framsyninga samla alle dei rundt 60 elevane frå 5.–7. trinn, med foreldre. Martin Roth og Laurits Dagenborg var blant elevane som møtte opp. Dei likte godt Johnsen sitt skråblikk på mobbeproblematikken.– Det var både underhaldande og lærerikt. Ei viktig påminning, seier dei.Dei trur ikkje at mobbing er eit særleg utbreitt problem på Vartdal skule, og fortel at dei trivst godt i skulekvardagen.– Vi plagar kanskje kvarandre litt, seier dei, og vekslar blikk.– Men det er på eit venskapleg nivå, understrekar dei.

LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lesa

Magisk
– Dette var magisk! Eg trur faktisk alle har sete heilt i ro den siste timen og lytta, sa Karen Longva Buset etter at framsyninga var over.

Bodskapen til Tor Arne Johnsen fenga med andre ord.– Mennesket er det einaste dyret i verda som har kraft i seg til å kunne endre seg. Vi kan slutte å vere dritsekkar og kan bestemme oss for å vere noko anna. Vi kan verte gode. Det er lett å verte ein god mobbar. Nesten alle har det i seg, men vi kan velje å la vere, sa Tor Arne Johnsen.

LES SAKA I MØRE-NYTT!