– Vi er media, vi skal ikkje blande jobben med business

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 27.02.2018 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg bryr meg ikkje om Kina. Eg publiserer det eg vil

I fjor forsvann den taiwanske demokrati-forkjemparen og aktivisten Lee Ming-che. Det siste familien hadde høyrt frå han var like før han reiste til Kina.

Seinare stadfesta kinesiske styresmakter at dei hadde arrestert Lee, og i november blei han dømt til 5 års fengsel i Kina for å ha prøvd å felle det kinesiske regimet.

At nokre av bevisa som blei brukt imot han var innlegg han hadde publisert på sosiale medium og i ulike gruppe-chattar, skremmer ikkje taiwanske Jenny Chang (25).

–  Eg bryr meg ikkje. Eg skriv og publiserer det eg vil, fortel Jenny. Då ho først høyrte om Lee Ming-che, jobba ho som produsent for POP Radio i Taiwan. Ho føreslo for redaksjonen at dei skulle lage sak på Lee Ming-che si forsvinning.

– Men sjefen sa at selskapet vårt hadde sterke forretningsband med Kina. Difor ville ho ikkje ta opp Lee Ming-che saka. Ho ville ikkje risikere kontaktane sine, fortel Jenny.

– Det er heilt feil. Vi er media, vi skal ikkje blande jobben med business, legg ho til.

Asias friaste media

Medie-organisasjonen Freedom House har kåra taiwansk media som eit av Asias friaste. Pressa er sjølvstendig, journalistar møter sjeldan på motstand eller vald. Men Taiwan er avhengig av handelskontaktane til Kina, som utgjer ytringsfridommens største trugsel.

Direktør i Reporters Without Borders sitt kontor i Taipei, Cédric Alviani, seier det ikkje er uvanleg at media sensurerer seg sjølv.

– Kina legg meir og meir politisk og økonomisk press på taiwansk media. Det er ikkje lenger sjeldan å kome over mediehus som tar liknande retning som det kinesiske kommunistpartiet sin propaganda, fortel han til Framtida.no.

– Jo fleire forretningsband dei har med Kina, jo vanskelegare er det å halde eit mediehus sjølvstendig.

Direktør hjå Reporters Without Borders i Taipei, Cedric Alviani.

Direktør i Reporters Without Borders sitt kontor i Taipei, Cedric Alviani. Foto: RSF

Heldt på å miste jobben

Ein av grunnene til at Jenny ikkje er redd for kva konsekvenser hennar Facebook-postar kan få viss ho skal til Kina, er at ho har bestemt seg for å ikkje reise dit.

– Skal eg reise til Kina treng eg ei eiga innreisetillating for taiwanesarar. Kina anerkjenner nemleg ikkje passet vårt. Det er ei fornærming, dei tvinger oss til å sei at vi er kinesarar.

– Eg er ikkje kinesar, eg er taiwanesar.

Så sterk er Jenny sin motstand til Kina at ho ikkje ville reist dit sjølv om sjefen ba henne om det. Ein gong heldt det på å koste henne jobben.

–  Eg jobba i eit selskap som skulle arrangere ei sportsturnering, men to kinesiske lag  kunne reise ut av landet. Sjefen ville endre planane og legge turneringa om til fastlandet i staden. Eg nekta. Eg sa eg heller ville slutte på dagen enn å reise, fortel ho. Turneringa blei til slutt arrangert på Taiwan, og Jenny fekk halde på jobben.

Jenny Chang (25) frå Taiwan vil ikkje la seg påverke av kinesiske krefter.

Jenny Chang (25) nekter å reise til Kina. Difor er ho heller ikkje redd for å vere kritisk til nabolandet Kina. (Foto: Amanda O. Berg)

Storebror ser deg

Høge bustadprisar og låg minsteløn for nyutdanna i Taiwan har ført til at mange unge flyttar til Kina for å finne jobb. Allen Tu er ein av dei.

Allen er frå Taipei, men jobbar som redaktør i det TED Talks-liknande selskapet Zaojiu TALK i Shanghai. Sidan han flytta til fastlandet har han slutta med å skrive eller diskutere noko som kan bli oppfatta som kritikk til kinesiske styresmakter.

– Det er berre når eg bruker WeChat (kinesisk sosial medium med over 900 millionar daglege brukarar, journ. anm) av eg avgrensar meg. Eg veit at staten overvaker alt eg skriv og publiserer der, fortel Allen.

Facebook og Line (populær meldingsteneste i Taiwan, journ.anm) bruker han framleis som før, berre at han må logge på via VPN for å komme forbi den kinesiske brannmuren.

Akademisk sjølv-sensur

Det er ikkje berre media som kjenner på kreftene frå fastlandet. I mars i år gjekk regjeringa på Taiwan ut med ei hasteundersøking av taiwanske universitet som var sikta for akademisk sensur.

Universiteta skal ha fremma Taiwan som ein del av Kina, og unngått å undervise om tema som i Kina er rekna som politisk sensitivt. Bakgrunnen var at lågare fødselsrate på Taiwan gjer taiwanske universitet avhengige av studentar frå fastlandet. Med å unngå sensitive tema ville dei sikre seg betaling frå denne gruppa.

Ein av leiarane i eit studentopprør i 2014 kalla Solsikke-rørsla, Lin Fei-Fan, meinte at dette ikkje berre braut med den akademiske fridomen i Taiwan, men også tvang kinesiske studentar å sensurere seg sjølv. Men han synest også det opna opp for moglegheiter.

– Denne hendinga gir oss ein sjanse til å revurdere korleis eit demokratisk Taiwan skal involvere seg med eit autoritært og fiendtleg naboland gjennom studieutveksling, sa Lin til Time.

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», gjort i samarbeid med Universitas med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her