Til deg som skippartakspantar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Til deg, som tar med deg ein svart bossekk til butikken. Ein bossekk som er full av flasker som du har samla på i fleire veker.

Du gadd ikkje gå på butikken med flaskene jamnleg, så derfor samla du det opp heime og tok det med deg når det blei litt for mykje. Og sidan butikken berre har èin panteautomat, får du okkupere denne i ganske lang tid med skippartakspantinga di.

Til deg som ikkje let andre med færre flaske få kome til, fordi du absolutt skal pante heile bossekken, ja, kanskje to sekkar, på ein gong. Så du skapar pantekø og lar folk vente. Lenge.

Og så blir det for mykje for panteautomaten, så han begynner å pipe. Det tar ytterlegare fem minutt før ein tilsett i butikken oppdagar det, og fem minutt til for å fikse problemet.

Dersom eg nokon gong skulle ha ei handlevogn full av varer, hadde eg latt kunden bak meg gå forbi. Det er jo ganske vanleg folkeskikk, er det ikkje? Men i panteautomat-køen er det andre reglar. Her er det førstemann til mølla, og alt skal pantast, sjølv om du trykkar på lotteri eller utbetaling av pantelapp, opptil fleire gongar.

Så det handlar ikkje om at du har eit kontrollbehov og vil ha heile pantebeløpet samla på ein lapp? Det handlar om å vere først?

Vel, ein kontrollfrik som meg mislikar skippartak. Eg er glad for at du pantar. For miljøet og for ein ryddegare by. Men vi treng litt betre pantekø-kultur.

For den tida eg står og ventar, mens eg vurderer om eg skal gidde å gå til ein butikk lengre unna, brukar eg på mobilspel på 3G-nettet. Ikkje særleg lurt.

Eg kan eventuelt berre stå og stirre på håret til skippartakspantaren, men det er ikkje ofte at det er så spennande. Eg kan også gå inn i butikken og handle først, men då må eg gå tilbake med pantelappen ein annan dag. Det siste eg orkar er jo myntar i lommeboka.

Når eg først skal pante noko, så får eg raskt auge på panteautomaten idet eg går inn i butikken. Kjem det nokon med fleire poser og nærmar seg automaten, skundar eg meg fram. Jommen om du skal kome først med det der, tenker eg. No er det meg og deg.

Som med alle andre typar skippartak, forstår eg ikkje heilt skippartakspanting. Sjølv er eg svært nøgd med å berre ha eit beløp på 10 eller 20 kroner på pantekvitteringen, eg treng ikkje vere så kul at det må stå 100 kroner. Hallo, 10 gongar 10 er jo hundre, det òg. Ein får ikkje meir pengar av å pante heile årsforbruket sitt på ein gong.

Til skippartakspantaren: Du treng å gå fleire turar i butikken. Eller berre å sleppe meg forbi.