Nei til kutt i sjukelønna!

Sandra Edith Tenud og Reidar Fugle Nordhaug / Sogn og Fjordane AUF
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Spennande er det ikkje heller, ettersom dette er eit gammalt forslag som høgresida sine ungdomsparti har kome med fleire gongar. Det er eit paradoks at ungdomspartia til Høgre, Frp, Venstre og KrF som har gjeve milliardar i skattekutt til Noregs aller rikaste, no krev at sjuke arbeidsfolk er dei som må ta ansvaret for at velferdsstaten skal vere bærekraftig.

Om ein følger logikken til høgresida sin politikk er det slik at dei som har mykje blir motivert av å få meir, medan dei som har lite blir motivert av å få mindre. Noregs rikaste treng skattekutt, medan sjuke arbeidsfolk treng kutt i sjukelønna for å yte. Det er omvendt Robin Hood-politikk. Ein tar frå dei svakeste for å finansiere skattekutt til dei rikaste. Det er noko vi i AUF i Sogn og Fjordane ikkje kan stå stille på sidelinja å sjå på.

Vi treng eit arbeidsliv som er tufta på tillit og godvilje. Vi seier nei til arbeidspisken til ungdomspartia på høgresida.

Likevel er det kanskje overraskande nok sånn at mindre løn faktisk ikkje gjer dei sjuke
friskare. Dei borgarlege liker å trekkje fram Sverige som idealsamfunnet kvar ein allereie har kutta i sjukelønna. Då er det viktig å hugse på at Noreg har høgare produktivitet per
arbeidstakar enn Sverige, og dei fleste andre land vi samanliknar oss med. Det er fordi vi
ikkje går sjuke på jobb, og vi jobbar 100 prosent når vi er på jobb, det er fordi at når ein har tillit mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar så blir det betre arbeidsmiljø og folk blir motivert til å jobbe!

Vi treng eit arbeidsliv som er tufta på tillit og godvilje. Vi seier nei til arbeidspisken til ungdomspartia på høgresida.

Det er tåpeleg og naivt å tru at staten kan spare 20 milliarder kroner ved å kutte i sjukelønna. Det kjem til å medføre at ein flytter utgiftene frå sjukelønn over til andre
trygdeordningar og sosiale utgifter og mindre arbeidsvilje hos arbeidstakarane. Sjukefråværet er og høgst i dei tyngste yrka. Spesielt blant kvinner i offentleg sektor mellom anna på grunn av lågare bemanning som gir auka sjukefråvær. Dei blir med dette forslaget tvungne til å jobbe endå lengre, springe endå fortare – heilt til helsa rett og slett ikkje tåler meir.

Kutt i sjukelønna kjem derfor først og fremst til å råke dei som allereie har det hardast i arbeidslivet, og dei som allereie tener minst i tillegg til at det er kvinnefiendtleg! Vi skulle jo kanskje ikkje bli overraska over at dette er samfunnsgruppene som høgresidas ungdomsparti ikkje akkurat prioriterer mest i politikken sin, men vi meiner i alle fall at sånt ikkje kan stå uimotsagt.

Samfunnet vårt er ikkje perfekt, og det er fleire hol i sikkerheitsnettet. I Noreg er det idag 100.000 born som lever i familiar med langvarig låg inntekt. Dette er 100.000 born som kanskje ikkje får reise på fotballtreninga, fordi treningskontigenten er for dyr, eller som ikkje får reise i bursdagar til ein i klassa sidan foreldra ikkje kan ta seg råd til gåva. Det er derfor viktig at vi tettar desse hola. Forslaget til dei borgarlege ungdomspartia vil berre utvide hola endå meir.

Ein blir ikkje friskare av å kutte i sjukeløna, ein blir berre fattigare. Å få unge i jobb sparar oss for inntekter no og i framtida, og sørgjar for at dei kjem seg gjennom skulen utan å falle frå. Dette er nokon av tiltaka ein kan gjere for å skape ein meir bærekraftig velferdsstat. Dette er også tiltak som hjelper menneske i stedet for det motsatte. Det er ei styrke at vi har ein velferdsstat, der alle kan bidra og der ingen fell utanfor. Det er ingenting bærekraftig med å skape eit samfunn der ikkje alle som ynskjer kan yte. Vi treng å skape ei betre framtid saman der alle er med, og ikkje fleire utdaterte forslag om kutt i sikkerheitsnettet vårt.